Istida

Då isen trekte seg tilbake etter den førre istida var det dei kystenære områda som først vart tilgjengelege for menneska. Dei eldre menneskelege leivningane i Noreg er funne i skjergarden. Til dømes har arkeologar funne både fiskekrokar og fiskesøkke som er om lag 7000 år gamle.

Camilla Zinsli. funn av fiskesøkke.png

Fiskesøkke av bein. Foto: Camilla Zinsli.

 

Sildefiske

I fleire hundreår har sildefisket vore ein viktig næringsveg langs vestlandskysten. Den årvisse vandinga til silda og andre fiskeslag trekte mange arbeidarar til dei små fiskeværa som oppstod langs kysten. Fiskeværa kunne vekse og bli større enn byane rundt. Til dømes kunne det på midten av 1800-talet vere 20 000 menneske på Espevær på Bømlo når silda kom. På same tid hadde Bergen om lag 26 000 innbyggarar.

På starten av 1900-talet trekte silda seg nordover til Island, og dei vestlandske fiskarane følgde etter. Havområda nord for Island blei viktige fiskefelt for norske fiskarar.

SFFf-100227.217239

Snurparen «Eystein» frå Måløy. I arkiva kan vi finne ein bevart skipsdagbok som dokumenterer «Eystein» sin reise på Islandsfiske i juli 1949. Når skipet var fullasta og låg tungt i sjøen, sette dei kursen heim. Dei kom til Bergen den 29. september. Klikk her for å sjå film om denne reisa, og om arkiv som dokumenterer fiskeri- og eksporthistoria til Vestland. 

 

Fiskerieksporten

Handel med fisk har hatt betyding heilt frå 1100-talet, og Bergen vart eit knytepunkt for handel og økonomi. Byen vart også eit viktig sentrum for skipsfart, og hadde ei sentral rolle i utviklinga av skipsfarten og handelen med utlandet. Ikkje minst ligg byen sentralt for sildefisket på Vestlandet, og i områda rundt Bergen blomstra foredlingsindustrien for fisk. Til dømes hadde Askøy fleire titals mottak for salting og pakking av sild, tre sildoljefabrikkar, fire hermetikkfabrikkar og fleire tønne- og kassefabrikkar i 1900. 

Under One Ocean Week sto vi på stand saman med Bergen byarkiv, Interkommunalt arkiv Hordaland IKS og Museum Vest for å vise fram noko av det arkiva fortel oss om denne foredlingsindustrien. Mellom anna, var det mogleg å få sjå bilete av etikettar fra hermetikken, såkalla "iddisar" (frå stavangerdialekta, "iddikett" - etikett). Hermetikkproduksjon finn ein også i andre delar av Vestland. Frå Måløy har vi arkiva etter Firda Canning, som også inkluderar iddisar frå deira produksjon. 

alle samlet.jpg

Gjengen på stand! Frå venstre: Paul Sedal (Fylkesarkivet) Janny Sjåholm (IKA Hordaland), Herman Krohn-Dale (Bergen Byarkiv), Marius Larikka (IKA Hordaland), Alexander Bouaoud-Dale (Bergen Byarkiv) og Anders Nilsen (Bergen byarkiv).

Daglege skipsruter til Noreg og resten av verda gjorde det mogleg å eksportere fersk fisk og hermetikk i stor skala. I arkiva kan vi finne fraktbrev som viser eksport til hamnar i Europa, USA og Australia. Iddisane frå Firda Canning er eit godt døme på produksjon for eksport - her finn vi både etikettar i engelske og franske variantar.

iddisar0021 (2).jpgiddisar0023 (2).jpgiddisar0019 (2).jpg

"Iddisar" frå Firda Canning på Måløy. Hermetikken vart produsert til eksport, og etikettane fanns derfor i versjonar på fleire språk.

Overfiske

På grunn av overfiske og miljøproblem gjekk likevel bestandane av sild skraftig tilbake på 1960-talet og 1970-talet. Men sjølv om omfanget i dag er mindre enn før, er sildefisket framleis ei viktig næring langs kysten av Noreg.