Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har vore ein føregangsinstitusjon når det gjeld å ta i bruk Internett for å formidle arkiv og kulturhistorisk materiale frå fylket. Magasina våre bognar av spanande materiale som vi ynskjer å gjere tilgjengeleg for folk flest. I desse dagar har vi lansert ny visningsløysing som gjer det enklare å lese protokollane på nett.

Sjå protokollane her

Formannskap-kommunestyreprotokollar frå heile fylket

Formannskapsprotokollane står i ein særklasse som kommunalhistorisk kjelde. I mange år har vi difor arbeidd med å digitalisere denne rike kommunale kjelda. Arbeidet har gått i rykk og napp ut frå ressurssituasjonen vår og det har difor teke tid.  

Mange av desse protokollane har tidlegare vore å finne på våre heimesider, men no kjem dei resterande for alle kommunane i fylket fram til 1940, i fyrste omgang. Vi er glade og stolte over å kunne setje punktum så langt. Vi trur at folk i Sogn og Fjordane vil vere i ei særstilling når de no kan lese heile denne protokollsamlinga på nettet.

Svært mange av våre førespurnader handlar om kva avgjerder kommunestyret har teke og då må vi leite i formannskap/kommunestyreprotokollane. No kan du som brukar sjølv leite etter saka di i desse møtebøkene.  

Digitaliserte arkiv – berre sjølvhjelp, eller?

Ved å publisere heile eller deler av arkiv på nettet vonar vi at vi kan gje brukarane våre eit tilbod som er i tråd med tida og eit aukande ynskjemål  frå brukarane våre. Det vil vere hjelp til sjølvhjelp for mange, og det vil også truleg avlaste oss på fylkesarkivet til ein viss grad. Det tyder likevel ikkje at vi meiner at brukarane våre fullt og heilt skal hjelpe seg sjølv når det digitale tilbodet aukar.

Det vil vere viktig for oss å presisere at digitaliserte arkiv vil vere eitt tilbod, men vil hjelper så godt vi kan, som før. Mange brukar ikkje Internett, det kan vere vanskelege å lese handskrifta, og dei som vil kome på lesesalen vår og lese i dei originale protokollane, er sjølvsagt hjarteleg velkomne til det.

KRI_ Arkiv til folket_001.JPG

Storparten av protokollane er skanna av Kyrre Vangsnes. Foto: Annette Langedal Holme