Leiar frå Kjelda nr.2, desember 2019.

Vi nærmar oss deadline for den mest omfangsrike offentlege reforma Norge har gjennomgått på over 50 år. Frå og med nyttår går vi frå 422 til 356 kommunar og tal fylker vert redusert frå 18 til 11. Sist gong vi hadde ei kommunereform, var prosessen i omtrent 20 år. Schei-komiteen vart nedsett i 1946 og enda opp i ein kommunereduksjon frå 744 i 1957 til 454 i 1967. Argumenta var då som no at dei styrande ynskte å styrke kommunen ved å opprette større einingar.

No er det over 50 år sidan den reforma vart avslutta. Likevel opplever vi framleis utfordringar som har sitt utspring i den planlause arkivhandteringa på 50- og 60-talet. Arkiv var vilkårleg handsama i stor skala ved at dei gjerne vart «gløymt igjen» i fråflytta rådhus, blanda saman med andre arkiv, flytta rundt på, og i mange tilfelle også kassert. Alle kommunar vil kunne trekke fram døme på dokumentasjonstap frå denne reforma.

Sett frå tilsette i arkiv sin ståstad er det store ulikskapar mellom dagens reform og reforma på 60-talet. Arkiva er på fleire format, både papir og elektronisk, reforma vert gjennomført på langt kortare tid, og omfattar to forvaltningsnivå, både kommune og fylkeskommune. I tillegg er arkiva blitt langt fleire og meir komplekse gjennom alle dei nye oppgåvene som er komne til. Sjansane for dokumentasjonstap er dermed langt større i dag enn på 60-talet. Det som likevel gjer meg litt optimistisk, er at forvaltninga har eit større arkivfokus. Den arkivfaglege kompetansen i kommunane er vorten større. Mykje av æra for det må etter mitt syn, tilskrivast dei kommunale arkivinstitusjonane. Desse har i over 30 år vore med på å heve kompetansen og medvitet til kommunane. Utan desse ville situasjonen i dag ha vore ein ganske annan. Ei av årsakene til at desse institusjonane vart etablerte, var nettopp kaoset etter den førre reforma.

Denne utgåva av Kjelda har fleire artiklar om reforma på 60-talet. Dei kommunale arkiva sin verdi som samfunnsdokumentasjon er uomtvisteleg. Dei handlar om oss, deg og meg. Alle som har levd og verka i Sogn og Fjordane er på ein eller annan måte dokumentert i de kommunale arkiva. Kommunane er til for oss og difor bør også historikken til kommunane vere interessant for oss.