Teksten i skriftet er flott sett opp, og biletkvaliteten er suveren! Kvar artikkel har kjeldeliste. Stoffet spenner vidt i tid, frå arkeologisk stoff, Bjørkum i bronsealderen 1700 år før Kristus, til etterkrigstida med traktorkjøp og brubygging på 1990-talet.

Artikkelen «Frå veitevatning til moderne vatning» av Håkon Lysne viser svært godt anlegget og bruken av vatningsveitene, ved samspelet mellom tekst og fotografi. Her er foto av Leif Hauge, Odd Helge Brugrand, Håkon Lysne og foto frå NVE-arkivet. Både skriftlege og munnlege kjelder er brukt til artikkelen.

Med andre ord: Eit hefte mange kan lære av! Ein liten ting: bilet-tekstane er litt lyse i fargen. Det er sikkert laga slik for at ein skal sjå forskjell på desse og teksten i artiklane. For mine «velvaksne» auge, var dei litt vanskelege å lese.