Hildegunn Kilen Rinde (f. 1969) sin fotokarriere starta i 1989 då ho byrja i jobb som ekspeditør i Årdal Foto. Når fotobutikken fekk ny eigar i 1996, vart Hildegunn dagleg leiar av butikken. Etter kvart var ho også  med på oppdrag og deltok på fotokurs for å lære seg fotofaget. Etter ei tid overtok Hildegunn ansvaret også for fotograferinga, og i 2002 kjøpte ho butikken saman med systera si Oddveig Kilen Leine. Firmaet fekk då namnet Fotohuset Årdal AS. I 2005, når det digitale skiftet var på full fart inn i fotoverda, vart firmaet lagt ned. I 2006 vart starta Rinde i ny jobb som fotograf hjå Skrivargarden AS og haldt fram med oppdragsfotografering og biletframkalling hjå sin nye arbeidsgjevar.

Negativarkivet som fylkesarkivet no har fått i gåve frå Hildegunn Kilen Rinde er frå perioden 1996-2010, og inneheld for ein stor del atelierportrett og gruppebilete frå mellom anna skular, barnehagar, slektstreff og jubileum ved Hydro. Geografisk dekker det området Slidre og Vang i Valdres, Aurland, Lærdal, Kaupanger, Årdalstangen og Øvre Årdal.