Førebels har vi lagt ut ti protokollar frå arbeidarpartilag, men ein god del meir er i kjømda. Vi tek sikte på å gjere tilgjengeleg møtebøker frå partilag fram til 1940.

Arbeidararkivet i Sogn og Fjordane

Materialet som no er publisert har kome inn til oss gjennom ordninga Arbeidarkivet i Sogn og Fjordane. Det er eit samarbeidstiltak mellom Vestland Arbeidarparti, LO Vestland og Vestland fylkeskommune som går attende til 1989. Arbeidararkivet fungerer som ei lokalavdeling under Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek i Oslo. Fylkeskommunen har det faglege ansvaret for drifta.

Føremålet med Arbeidararkivet er å sikre at historisk dokumentasjonsmateriale frå arbeidarrørsla i Sogn og Fjordane vert teke vare på og gjort tilgjengeleg for bruk.

Samarbeidet har bore rike frukter. Om lag 350 arkiv frå norsk venstreside og fagforeiningar knytte til LO har til no blitt samla inn.