Det var to ulike former for ammer: våtammer og tørrammer. Våtammene jobba i heimar der mora sjølv ikkje ville eller kunne amma barna sine. Nokre reiste heim etter at amme-perioden var over, medan andre heldt fram som “tørramme”, eller barnepike.

Samfunns- og kulturforskar Eilert Sundt (1817-1875) hevda at Bergen var kjent for den skikk at mange husmødrer ikkje ville amme sine eigne barn, og at Sunnfjord var kjent som det området som nesten utan unntak forsynte byen med våtammer.

I andre delar av landet var det gjerne ugifte kvinner som tok slikt arbeid. Men i Bergen var det gjerne husmannskoner og koner av gardbrukarar som skaffa seg inntekt på denne måten.

Dreier - Sunnfjordske ammer på Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra-3.jpg
Sunnfjordske ammer på Tollbodalmenningen i Bergen i 1830-åra. Fotograf: Johan F. L. Dreier/Universitetsbiblioteket i Bergen 

Ammene frå Sunnfjord, med sine typiske drakter og kyser, var ein vanleg del av bybiletet i Bergen på 1800-talet. Fleire av Johan F.l. Dreier sine måleri viser ammer med små born. Eilert Sundt skildrar ammene i Bergen på denne måten:

Hvor man ser sig om på byens gader, ser man disse Søndfjords-ammer med småbørn på armene; jeg synes jeg kjender dem – ikke alene på de sorte huer med fine hvide kanter, men også på deres stilfærdige og troværdige væsen.

Dette er nok ei presis skildring av sunnfjordkonene. Dei kledde seg som dei ville gjort ein søndag heime og stakk seg ikkje fram, men av same grunn vart dei synlege som eit gammaldags innslag i bybiletet.

Ammer i arkiva

Vi veit at mange drog frå Sunnfjord til Bergen for å jobbe som ammer, men det er vanskeleg å finne dei att i det skriftlege kjeldematerialet. Prestane noterte gjerne at folk flytta frå bygdene, men tok nesten aldri med grunnen til at dei flytta. Men nokre ammer kan vi finne igjen i privatarkiv, i fotoarkiv og i lokalhistoriske arkiv og artiklar.

Olina frå Bygstad

Olina Hestad-1997057-2.jpg
Portrettfoto av Olina Hestad. Fotograf: Marcus Selmer. Eigar: Fylkesarkivet i Vestland: SFFf-1997057.0022

Fylkesarkviet i Vestland har eit bilete av Olina Hestad (1842-1889) frå Bygstad i samlinga si. Olina flytta til Bergen om lag eit år etter at ho fødde dottera Johanna, og etter giftarmålet med Truls Hestad. Ho var amme for Fru Selmer i Bergen i 10 år.

Johanna, dottera til Olina, voks opp på Hestad, hjå besteforeldra og faren, som dreiv garden. Mange barn av ammer voks opp hjå besteforeldra, men nokre vart og overlatne til andre. Vi kan vel tenkje oss den strid og naud som låg bak ei slik avgjerd.

Olina drog etter kvart heim til Hestad og fekk seinare fleire søner.

Marte frå Movika

Portrett-Marte-Movik-copy-632x1024 (2).jpg
Portrettfoto av Marte Moviken, Fotograf: Brødrene Larm. Eigar: Sunnfjord Museum.

Marte Kristiansdatter Høgset vart født i 1814. Ho gifta seg i 1844 med husmannssonen Nils Mortensen (f.1817) i Movika (der Sunnfjord Museum ligg i dag).

Same året som dei gifta seg fekk dei sonen Kristian. For å få ekstra inntekt reiste Marte frå mann og barn, og vart amme hjå ein borgarfamilie i Bergen. Først var ho våtamme, og seinare var ho tørramme eller barnepike. Sonen Kristian var 11 år då Marte kom tilbake til Movika.

Etter over ti år i teneste i byen er det klart at Marte hadde ny kompetanse, nye erfaringar og nye vanar. Det vart mellom anna fortalt i bygda at ho var den fyrste som hadde potteplantar i glaskarmen.

Denne kompetansen vart også nyttig heime i Movika. På futegarden Bruland var det tett mellom fine selskap og store festar, og det var behov for tenestefolk. Truleg vart Marte ein trufast hjelpar der. I følge privatarkivet etter Blehr vart Marte godt kjend med futen si kone, stemmerettsforkjemparen Randi Blehr og niesa hennar, pianisten og forfattarinna Dagny Juel.

I eit brev frå Dagny Juel til Randi Blehr hausten 1889 kan vi lese om Marte Moviken:

Kjære tante, det er noget som hviler tungt på min samvittighed! Tænk jig glemte Marte Movikens kopper. Jig skulle ha sendt hende 4 par kopper fra Bergen. Søte dig kunde ikke du kjøbe nogen hos Sivertsen og sende hende, så skal jeg sende dig pengerne i frimærker? Du gjør mig en skrækkelig stor tjeneste i såfald.

Helene Olsdatter Eikeland frå Gaular

[Skuespiller Proms barn med våtamme.UiB spesialsamlingen.png
Skuespiller Proms barn med våtamme, Fotograf ukjend, Eigar: Avdeling for spesialsamlinger, Universitetsmuseet i Bergen.

I Billedsamlingen ved Universitetsbiblioteket i Bergen finn vi eit bilete med tittelen «Skuespiller Proms barn med våtamme». Her ser vi ei kvinne kledd i ei drakt med forkle og med den karakteristiske spisse kysehatten frå Sunnfjord. Rundt står fire små barn.

Jacob Prom, far til ungeflokken, var født i Bergen i 1831 og jobba ved teateret. Som ung skodespelar var Prom var veldig populær, og Ibsen skal ha omtalt han som den søte, skjønne Prom.

Jacob Prom gifta seg med Helene Wiese, mor til dei fire barna på biletet. Far hennar var Ontong (Anthony) Wiese (1799-1860), ein javanesar som kom til Bergen med eit hollandsk krigsskip som 9-åring. Han fekk opplæring av fosterfar og brigadelege Schwindt, og praktiserte som ”companiechirurg”.

Jacob og Helene fekk 5 barn, men det yngste døde mest sannsynleg som spebarn. Helene døde i 1862, då barna var mellom 4 og 7 år gamle, og det er usikkert om biletet er teke før eller etter dette. Det ser i alle høve ut til at barna har eit tett forhold til amma på biletet.

Jacob Prom levde berre tre år lenger enn kona, men rakk å gifte seg på nytt og få ei dotter til. Den unge enka tok med seg jenta si inn i eit nytt ekteskap, medan dei andre barna vart tekne inn av slektningar eller nære vener av familien. 

Ein kan ikkje vere sikker på kven denne amma er, men på bakgrunn av informasjon frå den som leverte biletet, er ho plassert i Gaular. Ho skal også ha fått sitt eldste barn, ei jente, i 1856, og ein son som heitte Ole Eikeland. Det er difor sannsynleg at dette er Helene Olsdatter Eikeland, fødd i 1825 og gravlagd i 1922.

Kjelder: