2022 var eit år prega av administrative og organisatoriske prosessar, flytting og rydding på fylkeshuset, førebuing til nytt arkivbygg på Leikanger og forsøk på å kome tilbake til normal aktivitet etter fleire år prega av pandemi og vakansar.Framsida til årsrapporten. Klikk for å laste ned dokumentet i pdf.

I årsrapporten kan du mellom anna lese om at Vestland fylkeskommune forplikta seg til å bygge eit nytt arkivbygg på Leikanger. I tillegg skal fylkeshuset på Leikanger totalrenoverast, og vi har difor tømt eldre arkivrom, rydda i arkiv, fortetta og laga meir hylleplass, og lagt planar for mellombels oppbevaring av arkiv i perioden frå 2023 til 2025.

Ei anna sak vi har brukt ein del tid på i 2022 er arkivutgreiinga for Vestland. I november 2021 vedtok fylkesutvalet at fylkeskommunen skulle engasjere ein ekstern part for å kartlegge og greie ut situasjonen for dei regionale arkiva i Vestland fylke og kome med råd om framtidig organisering av arkivinstitusjonane i Vestland fylke.

Eit kulturpolitisk satsingsområde i 2022 var markeringa av Skeivt kulturår, ei feiring for å dokumentere, formidle og diskutere skeiv kunst, kultur og historie. Fageininga ikkje-offentlege arkiv (IAO) har løfta fram samlinga etter ein kvinneleg skeiv fotograf frå Sogn, medan Kommunearkivordninga leia ein panelsamtale om korleis arkiv, kulturinstitusjonar og Wikipedia kan synleggjere og formidle skeiv historie.

Årsrapporten vil elles gi eit bilete av økonomien, organisasjonen og breidda av aktiviteten til Kommunearkivordninga i Vestland KO i 2022. God lesing!

Kommunearkivordninga i Vestland (KAV) er den delen av fylkesarkivet som jobbar med dei kommunale arkiva. KAV er eit kommunalt oppgåvefellesskap som løyser arkivoppgåver for Vestland fylkeskommune og kommunane i Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. KAV er finansiert av kommuane som er medlem i oppgåvefelleskapet, og samarbeider tett med dei som jobbar med privatarkiv på fylkesarkivet, eit arbeid som er finansiert av fylkeskommunen.