Denne artikkelen er henta frå Kjelda nr.1 2020. Her kan du lese meir om å tinge eit abonnement.  

Koronavirus med heile staben på heimekontor er inga hindring når det gjeld Kjelda. Kjelda er høgt prioritert, og vi trur at det kanskje kan vere ekstra kjekt å ha litt lokalhistorisk lesestoff å kose seg med i slike tider.

Dette nummeret har ei blanding av laust og fast, stort og smått frå arkiva våre. Det er også føremålet med bladet, å vise litt av det mangfaldet som arkiva vårt utgjer og dermed gjere deler av historia vår synleg.

Vi har som vanleg nokre gjesteskribentar, og det set vi stor pris på, så berre meld dykk på om lysta skulle kome over dykk. Einar Rysjedal leverer mykje arkivmateriale til oss, og er ein flittig brukar av arkiva våre. Denne gongen har han skrive om NKP si bedriftsavis Bluss, som kom ut i Høyanger i 1931-1936. Artikkelen har tidlegare stått i Høyanger historielag si årbok, men gjenbruk er berre av det gode i eit fylkesdekkjande magasin som Kjelda. Idrett er eit tema som fenger mange, og i dette nummeret deler ein annan gjesteskribent, Henning Rivedal, eit livsminne frå idrettsbana. Vi kan endå til seie at dette stoffet ikkje berre er frå «gamlefylket», men har eit snev av «nyefylket» Vestland i seg.

Krigen og rettare sagt fredsåret for 75 år sidan, kunne vi sjølvsagt ikkje passere utan å ha med noko om det i Kjelda, og vi byr på ein protokoll med krigen som tema, samt at flotte fredsbilete prydar både fram- og baksida av Kjelda.

Kjelda har sjølvsagt mykje anna å by på, og vi nemner mellom anna jubileumsspalta, stadnamna våre, bokskatten, Vestlandsarkiv og matspalta.

Nyt sommaren og kos deg med Kjelda!

 

Helsing

Arnt Olav Fidjestøl, ansvarleg redaktør,

Kjerstin Risnes, Per Olav Bøyum og Annette Langedal Holme

Kjelda_nr1-2020_s1.jpg