Artikkel frå Kjelda nr. 1 - juni 2019. Ønskjer du å abonnere? Du kan tinge abonnement via skjema på nett: sfj.pameldingssystem.no/abonner-pa-kjelda.

Skattar frå biblioteket: Lokalhistoriske bøker er gull verdt! Brukt saman med arkivmateriale gir dei eit svært godt innsyn i den lokale soga vår. På lesesalen får publikum og arkivarar tilgang til ei boksamling som etter kvart er blitt stor og relativt unik. I denne spalta vil vi presentere spesielle bøker frå biblioteket vårt. 

Stølane i Førde – frå fjord til bre er ikkje berre eit praktverk men også ei grundig lokalhistorisk skildring av støling på kvar einskild støl i kommunen.

Ein generell del

Dei første 100 sidene tek føre seg arbeidet på stølane oppdelt i kvinnearbeid og mannsarbeid. Vi får høyre om støls- og fjellstemnene, støling og stadnamn i fjellet og i utmarka. Vi får høyre om vestlandsfeet og om rovdyrangrep som var ein del av kvardagen på stølane. Historielaget har henta inn fagfolk til å skrive dei forskjellige artiklane. Også skreder som tok stølshus og klima som har variert gjennom tidene kan vi lese om. Korleis dei bygde stølshusa sine blir dokumentert.

Utvikling og framtid

I den generelle delen er også eit nyttig kapittel om korleis ein kan restaurere stølshus. Dette kapitelet er nokså originalt å ha med i ei stølsbok for ein kommune, eg har ikkje sett det før. Men, du verden så nyttig å ta med! Det er jo mange som gjerne vil restaurere sela sine, og då treng ein god innføring i måten å gjere det på. Den generelle delen har også to kapittel om støling over tid: «Stølar i ei bygd frå førhistorisk tid til 1800» av Berit Gjerland og «Støling på 1800- og 1900-talet – intensivering og avvikling» av Arne G. Aasland og Atle Furevik. Her er mykje interessant arkeologisk kunnskap og historisk kunnskap heilt frå 425 år etter Kristus. Så, igjen eit blikk på framtida: «Å halde stølslandskapet ope» av Berit Gjerland.  

Dei einskilde stølane

Ettersom boka er så omfangsrik, heile 608 sider, er hovuddelen beskriving av dei einskilde stølane i kommunen og livet på den einskilde stølen. Kommunen er i boka oppdelt i sju område. Informasjonen om kvar støl fylgjer det same oppsettet. Dette gjer stoffet ryddig og lett å finne fram i. Både gamle og nye foto blir brukt, også flyfoto. Matrikkelgarden eller namnegarden utgjer eininga.

Vi fylgjer først stølsvegen frå garden fram til stølen. Landskapet rundt stølen blir skildra, så stølsvollen og bygningane. Livet og arbeidet på stølen har dei gjort levande med å intervjue tidlegare budeier.

Neste emne er «Dyr, beite og slått», så kjem eit stykke om når det vart slutt på stølinga på denne stølen. Korleis stølen ser ut i dag er siste avsnitt før avsnittet merka med støvel-avtrykk og denne overskrifta kjem: «Slik kjem du til stølen». På denne måten kan boka også brukast som ei turbok, men ta kopiar, ikkje ta med deg heile boka i sekken! Det blir tungt!

Dersom det er spesielle historiske eller notidige hendingar historielaget ville ha med, har dei plassert dette i informasjonsboksar.

Ei vellukka og interessant bok

Stølsboka laga av Førde historielag er ei tvers igjennom vellukka bok! Ho dokumenterer fortida på ein interessant måte både gjennom tekst og bilete. Samtidig har ho blitt ei bruksbok både for dei som vil gå i terrenget, dei som vil pusse opp att husa på stølen sin og dei som vil opne opp att landskapet rundt stølane.

Bak i boka er ei liste over spesielle ord og uttrykk som er brukt. Så kjem ei imponerande lang liste over informantar (namn og fødselsår) som dei har brukt for å dokumentere liv og arbeid på stølane. Så kjem liste over dei skriftlege kjeldene som har blitt brukt, og heilt til sist, ei alfabetisk liste over stølar og gardar. På innsida av omslaget er det kart med plassering av stølane.