24. mars 1882 annonserte den tyske legen Robert Koch at han hadde funne årsaka til tuberkulose! På slutten av 1800-talet var tuberkulose årsaka til ein av sju dødsfall. Oppdaginga til Koch førte til ein kunne diagnostisere dei som hadde fått tuberkulose og tilby dei smitta ein kur. Kuren var ikkje veldig effektiv før ein i 1947 fekk for første gong ei effektiv behandling av sjukdomen. Tuberkulose vart no ein sjukdom ein kunne kurere.

Status i dag

I dag, 138 år seinare, er tuberkulose ein av dei ti mest dødelege sjukdomane i verda! FN sitt berekraftmål nr. 3, delmål nr. 3.3 set sjukdomen på agendaen og gjer det relevant å informere om sjukdomen den dag i dag:

Innen 2030 [skal vi] stanse epidemiene av aids, tuberkulose, malaria og neglisjerte tropiske sykdommer samt bekjempe hepatitt, vannbårne og andre smittsomme sykdommer.

I Noreg er tala annleis: Det er under 300 tilfeller årleg i Noreg og tala har sidan 2013 gått jamt nedover. Noreg har, med andre ord, eit av verda lavaste tilfeller av tuberkulosetilfeller.  

Dokumentert og tatt vare på

Bildet vi har valt på toppen av innlegget viser det bygget som Luster sanatorium holdt til i. Sanatoriet vart opna 2. november 1902. Det var St. Jørgen Stiftelse i Bergen som bygde huset. Sanatoriet var i drift som tuberkulosesjukehus fram til midt på 1950-talet. Då hadde det kome ein betre måte å behandle pasientane på.

Plasseringa på Harastølen i Luster kommune var ideell for eit sanatorium: i nærleik til natur og frisk luft. Dei sjuke vart behandla med god ernæring og ei blanding av kvile og rørsle i friluft. Som ein kan sjå til høgre på bilde var der ein veranda der pasientane kunne ligge ute i fleire timar om dagen. Gangen nedst i bilde hadde same funksjon.

Under kan du sjå to andre bilder frå då Luster sanatorium var i bruk for tuberkuløse. 

Bilde av 17.mai-tog i skogen

17.mai-toget på Luster sanatorium i 30-åra, på veg inn mot Utsikten. Fana fremst er Betania-søstrene si med den kvite krossen. På den bakanfor kan ein lesa: "Leve friheten - jeg vil verge mitt land." Så kjem fanene frå dei forskjellige kurhallane, der kvar hadde sine namn som t.d. "Klosteret", "Monarkiet" og "Borgen - vi holder ut". SFFf-2003001.0082: Foto: ukjent. Datering: ca.1920. 

Bilde av seks sjukepleiarar som skal ake

Huset i bakgrunnen er overlækjarbustaden. Betania-søstre skal skreia til bygds, to og to på kvar kjelke. Dei har styretrøer. Nr. 4 frå venstre er søster Ingeborg. SFFf-100114.119489 Foto: Samson Brathole. Eigar: DHS- Sogn folkemuseum. 

Du kan sjå fleire bilde frå livet på Luster Sanatorium i webarkivet for foto

Kjelder