Den 29. september 1999 vart internettenesta Kulturhistorisk Atlas-Leksikon for Sogn og Fjordane lansert for første gong for publikum. I haust er dette 20 år sidan. Kulturhistorisk Atlas-Leksikon starta som eit prosjekt som tok til i 1999. Prosjektet skulle vare til og med 2001, før det vart ein del av den vanlege drifta av fylkesarkivet. Målet var å bygge opp ei teneste på internett der folk i, og utanfor, fylket lett kunne finne informasjon om kulturhistorie og kulturminne i fylket. Internettenesta var ein av to hovuddelar i prosjektet og den andre delen var ei bok som ikkje vart realisert. 

Sjølv om det ikkje vart ei bok av prosjektet kom det seinare bøker som spring ut av ideen kring ei kulturhistorisk vegbok: På god veg (Ese, 2007), Året 1905 i Sogn og Fjordane (Kleppa, Risnes, Vindenes (red.), 2005) og På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane (Aaraas, Djupedal, Vengen, Førsund, 2000) i 2 bind.

Modernisering 

21. april 2017 var det duka for relansering av Kulturhistorisk leksikon med nytt og friskt design. Sida var lansert som ei «meir moderne og visuelt freistande side». Den er tilpassa mobil, nettbrett og PC. Artiklane er òg sortert etter emneord. Målet var, og er, fortsatt å gjere kunnskap og kjelder mest mogleg tilgjengeleg. Resultatet er den sida som er i drift i dag på nettadressa leksikon.fylkesarkivet.no og det er eit stilfullt og reint design. 

Per september 2019 manglar det 31 artiklar for å nå 2000 artiklar. Målet er runde det store talet før fylket går inn i Vestland.

Vil du lese meir om historia til Kulturhistorisk leksikon kan du lese om det i andre utgåve av Kjelda som kjem i desember. Les meir om abonnement her.

Kjelder 

  • Samtale med Hermund Kleppa
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2000. Orientering og rettleiing for forfattarane til kulturhistorisk Atla-Leksikon for Sogn og Fjordane.
  • Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 2001. Orientering og rettleiing for forfattarane til kulturhistorisk Atla-Leksikon for Sogn og Fjordane. 2.reviderte utgåve.
  • Urtegaard, Gunnar, 1999. «Det magiske fylkeskartet»: Plan forkulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane.