8. - 11. mai har storparten av dei tilsette ved fylkesarkivet vitja eit kommunalt arkiv, eit byarkiv og eit riksarkiv i Dannmark. Hovudfokus for turen var den store regionsreforma som vart gjennomført i Danmark i 2007. Under denne "strukturreformen" vart 271 kommunar slegne saman til 98 og 13 amtskommunar vart erstatta med 5 regionar, det vart også gjort ein del endringar i arbeidsoppgåvene til kommune, region og stat. No har det gått 12 år og det er interessant å høyre kva refleksjonar og erfaringar ulike arkivinstitusjonar i Danmark har gjort seg. 

Gribskov arkiv

Gribskov arkiv er eit kommunalt arkiv for Gribskov kommune. Den vart oppretta i 2007 då kommunane Helsinge og Græsted-Gilleleje vart slegne saman. Kommunen har omtrent 41 000 innbyggarar. Arbeidsoppgåvene til Gribskov arkiv liknar ein del på dei kommunearkivordninga på fylkesarkivet sit med. Under møtet drøfta vi kva som var likt og ulikt mellom Noreg og Dannmark og ikkje minst deira erfaringar og refleksjonar rundt samanslåinga. 

Gribskov arkiv.jpg

 Frå lesesalen på Gribskov Arkiv. Foto: Sigrun Espe. 

Rigsarkivet i København

Rigsarkivet i København presenterte korleis dei hadde arbeidd med å forberede kommunane på strukturreformen og kva dei har arbeidd med i ettertid. Riksarkiva i Danmark fungerer også som arkivdepot for enkelte kommunar og arbeider tett opp mot desse. 

Besøk Rigsarkivet.jpg

Lunsj og fagleg på fyll på Rigsarkivet i København. Foto: Sigrun Espe.

Stadsarkivet i København

På byarkivet til København (København Stadsarkiv), var det meir fokus på kontakten ut mot publikum og korleis ein kan nå ut til ulike aldersgrupper og interesseområder. Dei har blant anna hatt stor suksess med å opne opp for at frivillige kan registrere informasjon frå digitaliserte arkiv.  

Besøk København Stadsarkiv.jpg

Med formidling i fokus på København Stadsarkiv. Foto: Sigrun Espe.