Vi vil ta føre oss stadnamn frå heile Sogn og Fjordane. Det er altså namn frå fylket vårt vi skal skrive om. Det er det språklege som er hovudfokus, men artiklane vil innehalde gode historier, segner, og nokre historiske og geografiske opplysningar.

Artiklane legg vi ut på fylkesarkivet sitt Kulturhistorisk leksikon. Alt stoffet vil kunne gjenbrukast, ved at det blir publisert med ein open lisens: Namngjeving-Del på same vilkår (CC BY-SA).

I dag, 8. april, er det fire artiklar som ligg ute. Dette er «Smør- i stadnamn», «Hoven – Sleipner’s footprint?», «Gald, Gadden, Galdane og Gold» og «Tundra, Tundrestigane og Tundradalskyrkja».

Det er Kristian Solvang som skal skrive dei 50 artiklane. Kven er så denne forfattaren? Svært mange i Sogn og Fjordane har høyrt dei korte, humoristiske innslaga han hadde om stadnamn i morgonsendingane for NRK Sogn og Fjordane for ei tid tilbake.

Av utdanning er Kristian Solvang norsklektor med hovudfag i stadnamn. Hovudfagsoppgåva hans heiter: «Stadnamna på Blakset og på Fjella» (i Stryn) og blei skriven i 1986. Forfattaren vil nytte sin spesialkompetanse på opphavet til stadnamn og sin spesielle kjennskap til stadnamn frå Sogn og Fjordane. Han har handsama stadnamn for fylkesarkivet gjennom mange år. Det er namn i kommunane Hornindal, Selje, Vågsøy, Luster, Eid og Stryn som han har arbeidd med.

Han har også lang erfaring i å formidle kunnskap om stadnamn gjennom radioinnslaga nemnd ovanfor, kåseri og fagartiklar om stadnamn her i fylket. Han har evna til å gjere stoff om stadnamn levande og interessant også for dei som ikkje er spesielt interesserte i stadnamn generelt. Det får han til med gode formuleringar og eit humoristisk skråblikk.