Med eit stort og variert oppgåvefelt, har norske kommunar eit stort ansvar for å kunne dokumentere dei oppgåvene dei utfører. Og i dagens verden er det ikkje lenger slik at arkiv berre er på papir. Kommunane nyttar opptil fleire ulike typar elektroniske system i sin daglege produksjon av arkiv. Dette er ei viktig oppgåve å få orden på, og sidan november 2018 har vi på Fylkesarkivet motteke 22 elektroniske arkiv frå kommunane i fylket. No er desse systema og informasjonen i dei vortne trygga for ettertida.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ligg med dette langt framme på landsbasis når det gjeld uttrek av arkiv frå fagsystem.


 

Geir Utmo, e-arkivar på fylkesarkivet sikrar elektronisk skapte arkiv
E-arkiv Geir Utmo syter for at det elektroniske arkivet vert sikra for ettertida. (Foto: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane)