Laurdag 6. oktober arrangerte fylkesarkivet Arkivdagen i samband med Fruktbare dagar på Leikanger.  Fylkesarkivet hadde gjort eit djupdykk i "arkivstabburet" og diska opp med smaksprøver på russedessert og eplesuppe. Begge oppskriftene kom frå Kroken Husmorskule. 

Oppskriftene er henta frå ei av kjøkendagbøkene til skulen. I arkivet etter Kroken Husmorskule finn vi ikkje reine kokebøker med framgangsmåte, berre desse dagbøkene der det står kven som skulle vere på kjøkengruppa, kva dei skulle lage denne dagen, ingrediensar og kor mange porsjonar oppskrifta er mynta på. Framgangsmåten står difor for vår rekning.

RussedessertRussedessert

4 porsjonar

½ l ublanda saft (raud saft)

½ vatn

sukker

100 g semulegryn

 

 

 

Slik gjer du :

Bland saft og vatn.  Hugs at blandinga må smake ganske sterkt elles vert det lite smak på desserten. Ha safta i ei panne, smak til med sukker, kok opp og dryss i semulegryna. Lat det koke i om lag 10-15 minuttar  til saftgrauten er tjukk. Hugs å røre så det ikkje set seg fast i botnen. Ta panna av plata. Ha i ein bolle, set han i kaldt vatn og pisk med miksar til alt er lyst og luftig. Set desserten kjølig, ein halvtime eller meir. Server med mjølk, fløytemjølk eller kanskje vaniljesaus og nyt smaken av nostalgi.

 

Eplesuppe Eplesuppe

4 porsjonar

1,5 l vatn

1/2 kg eple

litt heil kanel

sukker

65 gram potetmjøl

 

 

 

Slik gjer du:

Skrell epla, ta ut kjernehuset, del dei i bita og kok dei i vatn til dei er møyre. Ta ut kanelbiten. Smak til med sukker. Lag jamning av potemjølet og litt vatn. Rør i og kok raskt opp.

 

 

 

Sjølve dagen

Det var mykje folk innom standen vår som fekk både smaksprøvar og informasjon om fylkesarkivet. Gratisnummera av eldre Kjelda gjekk unna og ein og anna ny tingar fekk vi også. Ryktet om dessertane spreidde seg, og til tider var det stor samanstimling framfor standen vår. Her trefte vi folk som elles aldri ville ha kome på Arkivdagen. Eplesuppa og russekremen fall utan tvil i smak, og tilbakemeldingane var strålande. Mange hadde aldri smakt dette før, spesielt dei unge, og for eldre folk vart det gode smaksminner og mimring. Konklusjonen var at dette var ein suksess som vi gjerne gjer opp att, kanskje i ei anna bygd?