Møtedeltakarane tok opp tråden etter brukarforumsmøtet for ASTA som vart halde tidlegare i år. Viktige spørsmål som kva for form og mandat rådet skal  ha vart drøfta. Rådet fekk også fekk ei innføring i kva ASTA stiftinga ynskjer å fokusere på framover. 

Til stades var Morten Evensen som er daglig leder i ASTA, Ole Myhre-Hansen frå Arkivverket, Ingebjørg Eidhammer frå Teknisk museum, Rolf Holte frå Vestfoldarkivet og Annette Langedal Holme frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kva arbeidsform skal rådet ha?

Det vart drøfta kva for arbeidsform rådet skulle ha. Vi tok utgangspunkt i tilbakemeldingane frå møtedeltakarane i brukarforumsmøtet, som vart halde i januar i år. Vi er klare på at eit tydeleg mandat er viktig for at brukarrådet skal ha gjennomslag for det arbeidet og prioriteringane vi gjer. Kva mandatet heilt konkret skal innehalde vart ikkje avgjort på møtet. Hovudtanken er at rådet skal vere eit rådgjevande organ, som skal ta imot utfordringar og forslag til endringar frå arkivmiljøa som nyttar ASTA. Rådet skal då lage ei prioriteringsliste til ASTA på kva miljøet er tent med at dei arbeider med. Dette mandatet bør godkjennast av styret til ASTA-stiftinga.

Ny arkivportalen.no

Morten Evensen gav brukarrådet eit innblikk i kva ASTA arbeider med og kva målsetjingar dei har. Ny versjon av arkivportalen.no er rett rundt hjørnet. Den nye versjonen er betre rusta til å gjere endringar. Detter er det knytt stor interesse til, viser tilbakemeldingar frå arkivmiljøet. 

Asta 6

Vi vart også informert om arbeidet mot ein ny versjon av Asta. Noverande versjon (Asta 5) er no 15 år gammal og ein ser seg ikkje synt med å vidareutvikle denne. ASTA 6 står dermed på agendaen og ASTA-stiftinga ynskjer at dette arbeidet skjer i dialog med brukarrådet. I første omgang vil det bety at medlemmane i brukarrådet skal gå gjennom kva for funksjonar i ASTA 5 dei nyttar i sitt arbeid. Resultata for desse undersøkingane skal presenterast for arkivmiljøa, der vi oppmodar om å få tilbakemeldingar.

Neste møte er planlagt mot slutten av året.