Jens Knudsen Maurseth er blant dei beste fotografane frå Nordfjord. Han var ein svært dyktig og produktiv fotograf som dreiv firma på Nordfjordeid (perioden 1885-1900) og i Stryn (perioden 1900-1927). Av Maurseth sin svært omfangsrike produksjon er i dag eit fragment på kring 2000 negativ bevart for ettertida. Vel 600 av dei bevarte negativa er store glasplatenegativ på 18 x 24 cm. Desse negativa, som har ein stor detaljrikdom, gir eit spanande tilbakeblikk til Nordfjord slik det var kring 1910. Her finn mellom anna flotte landskapsbilete produsert for turistmarknaden, store bryllaupsgrupper og bilete frå arbeidsliv og fritid i regionen.

Dersom du kan bidra med opplysningar til bileta set me stor pris på om du legg inn ein kommentar! Bileta finn du her