Bokomtale av Randi Melvær

I denne bokomtalen vil eg ta føre meg heile tre bøker frå Fylkesarkivet sitt bibliotek. Det er Svein Skotheim si bok om Wilhelm II i Norge, Arne Inge Sæbø sitt hefte om Fridtjof-statuen på Vangsnes og Esaias Tegnér sin diktversjon av Frithjofs Saga. Dei er svært så underhaldande og morosame på kvar sine måtar.

 

Svein Skotheim skriv svært så underhaldande om Wilhelm II sine norgesreiser. Dette var reine «guteturar» med mykje «spell og spetakkel». Men det var også turar med mykje positiv mediaomtale både i Noreg og i Tyskland, så dei skaffa keisaren mykje begeistring også i det norske folket. Han snakka så mykje pent om nordmennene at kong Oscar II under unionsstriden i 1905 bad Wilhelm om å la vere å reise til Noreg. Den sommaren reiste han i staden til Sverige av lojalitet til dobbeltmonarken .

Sognefjorden med Fjærland, Balestrand og Jostedal var stadar han gjerne besøkte. I Fjærland er det framleis stadnamn som viser til besøka: Tyskarnipa, Tyskargjelet, Tyskarbotnen og Tyskarskori. I Fylkesarkivet sin stadnamnbase finn vi denne opplysninga om Tyskarskori: «Ei skor. Ein tysk soldat datt ned her før første verdskrig.» Elles likte han seg også i Nordfjord og særleg ved Briksdalsbreen.

Boka tek føre seg både lokalhistorie for fylket vårt, norsk historie og Europeisk historie. Den fortel mange morosame anekdotar og er svært underhaldande.

 

Arne Inge Sæbø frå Vik har skrive eit hefte om Fridtjof den frøkne, som Wilhelm II var svært så oppteken av, og om statuen keisaren donerte til «det norske folk». Her kan vi lese eit samandrag av sagaen og mange interessante detaljar kring statuen og arbeidet rundt denne. I heftet finn vi attgjeve keisaren sin tale ved avdukinga og kong Haakon VII sin takketale. Her fortel Arne Inge Sæbø om kvar materialane til stillaset for statuen kom frå, og kvar dei blei brukt etterpå. Dei blei mellom anna brukt i bygginga av Sygna Ullvarefabrikk på Hermansverk. I heftet kan ein lese om keisar Wilhelm sine reiser i Sogn og ein kan lese eit samandrag av Soga om Fridtjov og Ingebjørg.

Esaias Tegnér (1782-1846) var ein svensk diktar og akademikar (professor i gresk og biskop). I 1825 skreiv han Frithjofs saga i diktform. Denne boka blei svært populær i samtida og blei omsett til mange språk. Den blei også keisar Wilhelm si yndlingslektyre. Han kunne store delar av den utaboks og som eit fast innslag om kvelden underheldt han reisefylgjet sitt på Hohenzollern med resitasjon. Difor var det ikkje tilfeldig at det var statuar av Fridtjof den frøkne og kong Bele keisaren fekk laga og gjeve bort.

 

Skotheim, Svein: Keiser Wilhelm i Norge. Spartacus forlag, 2011.

Sæbø, Arne Inge: Fridtjov den frøkne, historia om statuen og soga. Vik lokalhistoriske arkiv, 2013.

Tegnér, Esaias: Frithjofs Saga. Cappelens forlag, 1857.