Ein arkivkatalog er ein oversikt over alle arkiv som er skapt av Hornindal kommune. Dette er med andre ord ein god og oversiktleg inngang til arkiva. 

Denne arkivkatalogen inneheld arkiv skapt av gamle Hornindal kommune som vart skipa i 1867 og fram til at kommunen vart delt mellom Eid og Stryn kommunar 01.01.1965. Før 1867 var området rundt Hornindalsvatnet  del av Eid kommune.

Arkivkatalog Hornindal kommune 1867-1964

 

Hornindal kommune 1867-1964

Landbruk var den viktigaste næringa i kommunen, men mange dreiv ulike former for heimeindustri. Bønder frå Hornindal var spesielt kjende for å vere gode smedar, og det var jåsmiding dei var kjende for. Det var fleire sagbruk og møller i byda, og Hornindalsvatnet var rikt på fisk og gav viktig matauk. Turismen var også ei viktig næring med skysstenester og tre hotell i kommunen. I 1890 var det 1650 innbyggjarar i kommunen.

Dei kommunale arkiva er viktige kjelder til organisering og dagliglivet i Hornindal. I møtebøkene til formannskapet kan du t.d. lese vegutbyggingar, klager på alkoholsjenking og om støtte til offer etter snøskred. Arkivet etter fattigstyret fortel oss korleis kommunen tok vare på dei svakaste i samfunnet. Om du er hekta på slekta kan skulearkivet vere ei gullgruve, der ein kan få unike innblikk i skuledagen og skulevegar tilbake til ei svunnen tid. Her er moglegheitene mange! 

01.01.1965 vart Hornindal kommune delt mellom Eid og nye Stryn kommunar. Området på begge sider av Hornindalsvatnet frå og med Navelsaker og Holmøyvik vart lagt til Eid kommune, medan resten var kommunen gjekk til Stryn kommune. I 1977 vart denne delen skilt ut att frå Stryn og Hornindal vart på ny eigen kommune. Området som gjekk til Eid i 1965, høyrer framleis til Eid kommune.

Frå 01.01.2020 skal Hornindal og Volda kommunar slå seg saman til nye Volda kommune.

 

 

384px-Hornindal_komm.svg.png

 

 

 

 

 

 

 

Kommunevåpenet til Hornindal kommune er tre ljåar i sølv på blå bakgrunn og speglar den viktiga rolla dette handtverket hadde i kommunen. Kommunevåpenet er teikna av Petter Eide.