Vi er no ferdig med å ordne arkivet etter "D/S Dølen (1880-1950) og "M/B Honndølen" (1952-1972). Arkivet er frå perioden båtane vart drifta av Hornindal kommune, 1909-1964, og ferdig arkivkatalog finn du på arkivportalen.no. Det hender at vi kjem over arkiv som gjev oss mykje meir informasjon enn vi har drøymt om! Arkivet etter dei to kommunale rutegåande båtane på Hornindalsvatnet er eit slikt arkiv. Her finn vi møtebøker, korrespondanse, rekneskap og i tillegg nokre flotte arkivskattar. Desse skal vi gje eit lite glimt frå.  

Mange turar over Hornindalsvatnet

Først litt om historia til "Dølen" og "Honndølen". Den første båten "D/S Dølen" vart kjøpt i Bergen og kom til Hornindalsvatnet i 1880. Heilt i frå starten av forsynte båten seg glupsk frå dei kommunale budsjetta. Det var vanskelig å få forteneste og ofte var det naudsynt med kostbare reperasjonar på dampkjelen. Ingen ville drive ein båt som gjekk med underskot, så i ei tid når vatnet var ferdselsåra i Hornindal, tok kommunen over drifta i 1909. Det tok ikkje mange år før båten på ny trengte reperasjonar, og tankar om å kjøpe ny båt kom på agendaen. Denne gongen vart det bestemt at ein skulle ruste opp "Dølen" med nytt hus og forlenge han med 2 meter. Denne prosessen kan du lese om i møtebøkene for Hornindal formannskap:

Møtebok for Hornindal formannskap 1867-1886

Møtebok for Hornindal formannskap 1886-1906

Møtebok for Hornindal formannskap 1906-1930

 

Dei nye reperasjonane gjorde at lyden av dampkjelen til "Dølen", dunka over Hornindalsvatnet i mange nye år. Dei siste åra "Dølen" var i drift, var høge prisar på ved til dampkjelen og rust i røyra eit problem. I 1950 vart ikkje "Dølen" godkjent av skipskontrollen. Etter 70 år var tenestetida til ein trufast dampbåt over. Sjølv om vegnettet i kommunen etterkvart var blitt bedre, ynskte honndølene framleis å ha eit rutetilbod over vatnet og 3. mai 1953 gjekk "M/B Honndølen" sin første tur. Han frakta honndøler over vatnet i 20 år, før han vart lagt til kai 31.juli 1972.  

Arkivet etter "Dølen" og "Honndølen"

Rosina i "arkivpølsa" etter desse to båtane, er 12 ekspedisjonsprotokollar. Tittelen på protokollane seier lite om innhaldet og nesten litt kjedeleg, slitne og rufsete i utsjånad er dei og. Men når du byrje å blade i dei, skjøner du fort kva for ein skatt du har føre deg. Her står alle varer som har blitt frakta over Hornindalsvatnet i tidsrommet 1921-1953. Her vart det frakta sekkar med ull, smør og ved mot Eid, og skal kanskje vidare til Bergan for å seljast der. Samstundes kan vi sjå at ho Jørgine har med seg ei symaskin og Knut ein divan. I desember kjem kasser med epler og apelsiner med i listene. Her skal honndølene kose seg til jul. I ei tid då hovudferdselsåra i Hornindal var vatnet, gjev desse listene eit sjeldan godt innblikk i både daglegliv og næringsverksemd gjennom året og viser utviklinga over fleire år. Om eg hadde vore lokalhistorikar i Hornindal, hadde eg heisa flagget til tops med eit slikt kjeldetilfang! 

Litt om arkivkatalogen: På arkivportalen.no finn du fleire arkiv som omhandlar "Dølen" og "Honndølen". Blant anna er det ein del rekneskapsmateriale i Hornindal kommunekasse, og eit lite arkiv frå tida då "Dølen" var privat (1880-1909). Alt aktuelt arkiv er derfor knytt saman med arkivkatalogen vi har laga for arkivet til D/S Dølen og M/B Honndølen. Slik får du enkelt og greitt oversikt over alt fylkesarkivet har av arkiv på rutebåtane frå Hornindalsvatnet. 

SFFf-1991060.0065_2289x1628.jpg

Transport av "M/B Honndølen" frå Eid til Hornindalsvatnet i 1952. Roald Grodås stod føre transporten. Fotograf ukjend, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. 

Kjelder og litteratur

Binder, Sturla (2014) "D/S Dølen" [digital forteljing]. Henta frå digitaltmuseum.no, 28.08.2018. 

Lødemel, Halfdan (2013) Streif frå båtferdsla på Hornindalsvatnet. Jul i Nordfjord, 66. s. 8-11. 

Den første møteboka til "D/S Dølen" ligg også skanna på heimesida vår: Møtebok for D/S (D/B) Dølen