Kvart år arrangerer kommunearkivordninga ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane kontaktkonferansen for tilsette i kommunane og fylkeskommunen. I år vart konferansen arrangert på Quality Sogndal Hotel, 29. og 30. mai.

Over 60 deltakarar frå kommune og fylkeskommune fekk høyre føredrag som omhandla blant anna verknader av kommunereform, skifte av teknologi, arkivplan og endringar i lovverket. Alt av relevans for dei som jobbar med kommunale arkiv.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane vil takke føredragsholdarar og deltakarar som bidrog til å skape ein flott konferanse. Det er viktig for oss å ha god kontakt med dei me samarbeider med i kommunane og fylkeskommunen. Vedlagt ligg føredraga frå årets konferanse.