På berre fire dagar har Truls hjulpe oss med fleire av arbeidsoppgåvene til kommunearkivordninga og vore til god hjelp. Dei første to dagane ordna han arkivet etter Leikanger kommunale kino. Her lærte vi at kinoen brukte å vere i tingsalen på tinghus 1, og vi fant ut kva for filmar dei spelte på slutten av 50-åra og byrjinga a 60-åra. Her var det litt kjent og mykje ukjent. 

Leikanger kommunale kino

Arkivkatalog over arkivet til Leikanger kommunale kino finn du her.

Tredje dagen fekk han digitalisere ein karakterprotokoll for Njøs og Nybø skulekrinsar på Leikanger, 1895-1926. Etter at protokollen vart skanna vart den lagt ut på heimesida vår og du kan sjå den her

Siste dagen arbeidde han i digitaliseringsfabrikken, der han klargjorde arkiv til digitalisering. Truls klargjorde gardsarkivet til Gloppen landbrukskontor. 

Truls Kristian Dyngen

Vi på fylkesarkivet takkar for samarbeidet.