I starten av juni tikka det inn ein førespurnad til fylkesarkivet om å få lytte til lydopptak frå tradisjonsmusikksamlinga. Avsendar var 14 år gamle Dordi Boksasp Lerum frå Sørheim i Luster. 

Musikkarkivaren vart litt nysgjerrig på denne unge arkivbrukaren, og tok denne veka turen til Mo og sommarkurs i folkemusikk for å slå av ein prat med den nybakte norgesmeisteren i folkesong.

- Eg hadde lyst å lære fleire songar frå Luster og Sogn. Så eg googla ”folkemusikk” og ”Sogn og Fjordane”, og då kom fylkesarkivet opp på trefflista. Då var det berre å sende ein e-post.

Oppdaga folkesongen på kappleik

Dordi har sunge sidan ho var lita. Men folkesongen har ho ikkje drive med i meir enn eit lite år.

- I fjor var eg på Landskappleiken saman med tanta mi, Unni Boksasp, og familien hennar. Det var eigentleg der eg verkeleg oppdaga folkesongen. Eg likte veldig godt det eg fekk høyre, og fann ut at eg også ville synge på kappleik. Så då begynte eg å øve, og det var verkeleg artig!

Ung jenteLærer frå opptak

Dordi starta i barnekoret i Skjolden då ho var 3-4 år gamal, og vart seinare med i ungdomskoret Røyst.

- I koret går det mest i klassisk musikk, og her har eg lært veldig mykje. Og så har eg lært mykje om song og teknikk av mor mi. Men innan folkesongen har eg ingen fast lærar, og eg lærer for det meste frå opptak.

At Unni Boksasp og folkemusikken frå Nordmøre har vore ei stor ei stor inspirasjonskjelde for Dordi, er det ingen tvil om. Vi kjenner at den lyse og florlette songen, den nordmørske måten å forme tonane på.

- Eg har høyrt mykje på tanta mi, og på Magnhild Almhjell. Så i starten var det denne musikken eg song. Men seinare har eg også besøkt skjoldingen Kjell Einar Ormberg og Kari Malmanger i Sogndalsdalen. Så no kan eg syngje på to ulike dialektar: Nordmørsdialekt og sognamål.

Utan fast lærar i folkesong, er det likevel ved å lytte til opptak Dordi lærer seg nye songar. Frå fylkesarkivet har ho fått kopi av opptak med ei rekkje utøvarar frå indre Sogn, og alt tyder på at vi kan gle oss til å få høyre Dordi løfte fram både kjende og mindre kjende skattar frå musikkarven vår.

Til topps i folkemusikk-NM

Under eit år etter at ho starta med folkesongen, hadde Dordi sin debut på Fylkeskappleiken i Sogn og Fjordane 2017. Her var ho einaste deltakar i klassen for dei under 18 år.

- Eg hugsar eg var veldig nervøs. Men det gjekk jo eigentleg fint - eg både vann og tapte!

Ung jente i bunad på sceneFørre veke var det duka for den årlege Landskappleiken, norgemeisterskapen i folkemusikk. På dette stemnet er det nærare 1 000 deltakarar frå heile landet som over fleire dagar kappast i spel, song og dans. Og denne gongen hadde Dordi heile 11 konkurrentar å bryne seg på.

For ein fullsett sal på Røros framførde ho mellom anna «Jeg går i tusen tanker», opphaveleg ei dansk skillingsvise. Dei eldste trykka av denne visa kom ut på 1820-talet, og sidan har visa blitt sunge til ei rekkje ulike melodiar over heile skandinavia.

- Det er Gustav Nesbø (1882-1957) frå Aurland sin versjon av denne visa som har vore mitt utgangspunkt. Så har eg endra litt på den, lagt til og trekt frå. Men eg trur framleis den er ganske lik.

Songen til Dordi gjorde sterkt inntrykk på både publikum og dommarar. Og då resultatlista kom, var det hennar namn som trona på toppen av lista. Det må vi kunne kalle ein imponerande NM-debut!

Stadig nye favorittar

Å trekkje fram ein favorittsong frå arkivet er ikkje berre lett. Det er mange å velje i.

- Ei veke så likar eg den songen, og neste veke er det kanskje ein annan. Eg synest mange fleire burde bruke arkivet, for her er det så mykje fint!

På fylkesarkivet er vi heilt samde med Dordi, og oppmodar alle som ønskjer å lytte til skattar frå musikksamlingane om å ta kontakt med oss.

 

Lurer du på korleis det høyrdest ut då Dordi song seg til siger? Sjå filmklipp frå kappleiken her: