Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 30 år

I haust kan vi feire at Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane rundar 30 år. Desse 30 åra har vore prega av ei drivande utvikling og vekst. Veksten kan sjølvsagt synleggjerast med talfakta. Ein har tidobla talet på tilsette og driftsbudsjettet er 30 gonger større no enn det var for 30 år sidan. Like fullt, meir interessant er det vel å sjå på kva ein har fått til i løpet av desse 30 åra.

Soga om Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane er omfattande nok til å skrive tjukke bøker om. Eg skal difor ikkje prøve å gjere anna enn å lage nokre grove skildringar av korleis det starta, trekkje nokre liner gjennom tida og så prøve å skildre kva Fylkesarkivet er i dag.

Kvifor fekk vi eit Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i 1983?

Gunnar Urtegaard vart tilsett som Fylkesarkivar hausten 1983. Vi reknar dette som starten på Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Fylkesarkivet har difor feira runde år tidlegare også.

I Kjelda nr. 3 – 2003 ynskjer Fylkeskultursjef Lidvin Osland Fylkesarkivet til lukke med 20-årsdagen. Han seier han kjenner personleg byrgskap av å ha ytt bidrag til at Fylkesarkivet vart fødd, og han rosar framsynte og dugande medarbeidarar. Osland brukte mykje dei same vendingane ti år tidlegare då Fylkesarkivet hadde vore til i ti år:

Gunnar Urtegaard var Fylkesarkivar frå 1983 til 2008, og har såleis vore sentral i det meste av soga. Lidvin Osland var den som stod for å setje ideen ut i livet. Men det var vel nokon som tenkte tanken om eit fylkesarkiv før det vart oppretta? Skal ein seie noko om Fylkesarkivet si historie, lyt ein sjå noko lenger attende. Det kan vel vere at Osland sådde spira, og det er truleg ikkje grunn til å seie noko anna enn at Urtegaard var den som skal ha æra for at ho vart røkta så ho fekk gro og vekse. Men, det har vore eit landskap og eit terreng denne spira vart sådd i. Nasjonale straumdrag og hendingar som er meir lokale eller direkte knytte til Sogn og Fjordane har også spela inn i etableringa av Fylkesarkivet.

I 1975 la Sogn og Fjordane fylkesbibliotek fram Rapport om kulturverksemda i Sogn og Fjordane. Rapporten var ein del av arbeidet med den fyrste fylkesplanen. Oppsummeringa her er ikkje akkurat noko hylling av fylkespolitikarane sin innsats for å prioritere kulturarbeidet i fylket. Det fanst ikkje noko særskild fylkeskommunal kulturadministrasjon. Styresmaktene utførte lovpålagte oppgåver og var ikkje nokon aktiv pådrivar ut over å dele ut midlar til dei lag og organisasjonar som dreiv kulturarbeid på frivillig basis. Med dette som utgangspunkt kan ein seie at styringa av arbeidet med til dømes det immaterielle kulturvernet, som til dømes arkiv og munnlege kjelder, låg klart til å gripast av fylkeskommunen då dei hadde etablert ein kulturadministrasjon og tilsett ein fylkeskultursjef.

Desentralisering prega kulturpolitikken på denne tida. Den fyrste fylkesplanen for Sogn og Fjordane vart vedteken av fylkestinget i november 1977. Retningslinene for kulturpolitikken på landsbasis var meisla ut i stortingsmeldingane, og ein kan nok påstå at fylkeskultursjefstillingane, og dermed ein felles kulturadministrasjon, kom som ei følgje av dei såkalla kulturmeldingane på 1970- talet.

I desember 1979 vart Fylkesplan for Sogn og Fjordane 1980-1983 vedteken. Her heiter det at fylkeskommunen vil, så snart råd er, setje i gang arbeid med ein kulturplan, som skal gje grunnlag for ei gjennomdrøfting av prinsipp og målsetjingar i kultursektoren. Lidvin Osland blei tilsett som fylkeskultursjef same året. På nyåret 1980 starta Osland arbeidet med kulturplanen, og i 1981 vart den fyrste fylkeskulturplanen for Sogn og Fjordane lagt fram for fylkestinget. Det vart eit langt ordskifte, men det var full semje i fylkestinget om at fylkeskulturplanen var eit viktig grunnlagsdokument og at kulturbudsjettet burde aukast. Fylkesordførar Ola M. Hestenes slår i føreordet fast at Sogn og Fjordane fylkesting med dette har uttrykt politisk vilje til å akseptere kultursektoren som ein viktig del av dei samfunnsoppgåvene fylkeskommunen har ansvar for.

Fylkespolitikarane var tydeleg imponert over planen kulturutvalet la fram, og dei meinte den kunne ha nytte og vere av verdi også for kommunar, kulturorganisasjonar og –institusjonar og andre som har interesser innanfor det kulturpolitiske området. Fylkeskulturplanen vart dermed trykt opp og gitt ut som bok i 1982, slik at den kunne vere eit verkty i eit aktivt, skapande kulturarbeid. Fylkeskulturplanen vitnar såleis om at det var politisk vilje til å drive kulturvernarbeid i fylket.

Det er også andre punkt i denne planen som konkretiserer at tilhøva for å arbeide med eit fylkesarkiv låg godt til rette. I kap. 5 vert kulturvernet handsama. Innleiinga her slår fast at fylkeskommunen skal leggje vekt på:

a. å sikre kunnskapen om kulturarven vår.

b. å leggje tilhøva til rette slik at alle kan gjere seg kjende med og dra nytte av denne kulturarven.

c. å verne om og sikre for ettertida materielle og immaterielle kulturminne frå alle samfunnslag i fylket vår.

d. å arbeide for at det vert teke omsyn til kulturvernspørsmål i all offentleg planlegging i fylket.

e. å fremje interessa for kulturvernarbeidet generelt.

f. å gi vilkår til å nytte verdiane i kulturvernarbeidet som inspirasjonskjelde for kulturell nyskaping.

Fylkeskulturplanen skil mellom det materielle kulturvernet og immaterielt kulturvern. I denne samanhengen er det deira definisjon av det immaterielle kulturvernet som er interessant. Her vert det rekna opp som:

a. Folketradisjon i munnleg og skriftleg overlevering.

b. Målføre og stadnamn.

c. Tradisjon om arbeidsliv, sed og skikk, dvs. vanleg lokalhistorisk arbeid.

d. Folkemusikk, -song og – dans.

Omgrepet arkiv er ikkje ein del av dette, men det vert slege fast at museumsarbeid inneheld både materielt og immaterielt kulturvern. Like fullt, i delkapittelet om immaterielt kulturvern kjem tanken om eit arkiv til syne. I dette delkapittelet er det eit punkt som skildrar arbeidet med ei fylkessoge og regionale sogeverk. Det vert nemnt at det våren 1981 har vore drøftingar om ei mogleg fylkessoge for Sogn og Fjordane, og det vert peika på at eit slikt verk vil kunne ha positiv verknad for oppbygginga av eit lokalhistorisk kjeldearkiv i fylket, og det vil vere ein stimulans for vidareutviklinga av eit lokalhistorisk fagmiljø i fylket.

Det ligg såleis ein kime til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane i denne kulturplanen. Tanken om eit fylkesarkiv vert konkretisert seinare i delkapittelet om det immaterielle kulturvernet. Fylkeskulturplanen slår fast at det er viktig å prioritere arbeidet med å skipe og styrke systematiske lokalhistoriske samlingar. I tillegg vert det sagt at det vert vurdert å etablere eit eige fylkesarkiv e.l. – med m.a. rådgjevingsoppgåver for kommunar, organisasjonar, museum m.fl. Tanken om eit fylkesarkiv var såleis til stades, men var 32 det eit fylkesarkiv eller var det noko liknande som var ideen?

Interessa for lokalhistorie var aukande på 1970- og 80-talet, noko produksjonen av bygdehistorie, byhistorie, distriktshistorie, gardsog slektshistorie vitnar om. Her i fylket hadde vi fått ein distriktshøgskule og det vart starta opp eit studie i lokalhistorie. Etableringa av Sogn og Fjordane DH er interessant i denne samanhengen. Sjølvsagt fordi ein i fagleg samanheng såg at eit fylkesarkiv og ei samling av kjeldemateriale for Sogn og Fjordane var noko å satse på, men også fordi etableringa av høgskulen kom før etableringa av fylkesarkivet, og såleis kan vitne om ein prosess som alt då var i gang. Gunnar Yttri skildrar denne prosessen slik i perioden 1975 - 1982: Ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule skulle det utviklast ein «motekspertise». Motekspertisen skulle sikra at bygde-Noreg utvikla seg sjølvstendig ut frå eigne interesser, og ikkje vart offer for sentralmakt og økonomisk utbytting. (Frå skuletun til campus. Soga om Høgskulen i Sogn og Fjordane, Skald 2008)

Arkivlandskapet

I desember 1983 tok Gunnar Urtegaard til i stillinga som Fylkesarkivar ved De Heibergske samlinger – Sogn Folkemuseum. Stillinga er eit engasjement, og fylkesarkivet er ei prøveordning. Dette er i følgje dåverande fylkeskultursjef Lidvin Osland det fyrste fylkesarkivet i landet. Det er like fullt viktig å trekke fram nokre andre etablerte arkivordningar med eit fylkesperspektiv eller overordna regionalt arbeidsfelt i denne samanhengen. Riksarkivet og Arkivverket var godt etablerte som arkivdepot for statsforvaltninga. Både Riksarkivet og Arkivverket tok i mot og oppbevarte enkelte privatarkiv i tillegg til fylkeskommunale arkiv skapt før 1976. Elles tok både universitetsbiblioteka og musea i mot ikkje-offentleg arkivmateriale i visse samanhengar. Dei kommunale arkiva var kommunane sitt ansvar. Her i fylket hadde ein jamvel eit nyetablert folkemusikkarkiv.

På denne tida var det også utval eller komitear som arbeidde med arkivspørsmål og spørsmål knytte til organiseringa av arkivlandskapet. Både Norsk Kulturråd, Riksarkivaren og Kulturdepartementet hadde oppnemnd utval som skulle føreslå løysingar på ulike arkivoppgåver. Oppgåver som ein såg at ikkje hadde fullgode løysingar var til dømes privatarkiv, kommunearkiv og fylkeskommunale arkiv.

Her i fylket hadde ein t.d. ikkje offentleg arkivtilfang og kjeldekopiar ved musea og ein arbeidde med tilgjenge til lokalhistorisk kjeldetilfang ved til dømes Fylkesbiblioteket. Fylkesbiblioteket var ein pådrivar i dette arbeidet, og dei hadde god kontakt med Statsarkivet i Bergen. I årsrapportane til Statsarkivet kjem det til dømes fram at Egil Nysæter heldt seks timars førelesing om kjelder og lokalhistorie på kurs om lokalsamlingar i regi av Fylkesbiblioteket i 1975, i 1977 innlegg om kommunearkiv for bibliotekarar og lokalhistorikarar, og i 1978 tre foredrag om kjeldemateriale i samband med ein innsamlingsaksjon av lokalstoff som gjekk føre seg i Sogn og Fjordane.

I arkivet til kulturavdelinga ved fylkeskommunen finn ein dokument som vitnar om at initiativet til eit fylkesarkiv også har vorte drege fram av fleire krefter i fylket. I juni 1983 skriv dåverande styrar av De Heibergske Samlinger – Sogn Folkemuseum, Olav Aaraas til fylkeskultursjefen. Han legg fram ei skisse til eit kjeldearkiv for Sogn og Fjordane der eit fagleg og administrativt samarbeid mellom museet og Sogn og Fjordane DH ligg til grunn. I det same brevet blir det også gjort greie for den oppbygginga av eit arkiv som alt har funne stad ved museet:

I tillegg til originalmaterialet vart det og kjøpt inn kopiar av kjeldemateriale frå ulike institusjonar. Museet hadde planar om å halde fram med dette, og det vert også peika på at det er mange handskrifter i privat eige som burde bevarast og sikrast for ettertida. Arkivet ved museet avgrensa seg stort sett til sognebygdene, men det utgjorde ei relativt omfattande samling.

Aaraas peikar på at planane om eit nærare samarbeid med Sogn og Fjordane distriktshøgskule er konkrete på denne tida. Han argumenterer med at det er av stor verdi å ha tilgang til eit godt og lokalhistorisk kjeldemateriale i distriktet, men han legg heller ikkje skjul på at det ligg andre motiv bak ei slik skiping:

Sogn og Fjordane låg til statsarkivembetet i Bergen sitt område, og dåverande statsarkivar var Egil Øvrebø. Som statsarkivar og representant for arkivmyndigheita hadde Øvrebø absolutt moglegheita til å legge føringar på skipinga av ein offentleg arkivinstitusjon i fylket. Det er like fullt lite som vitnar om at statsarkivaren hadde så stort engasjement for Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Eg har drøfta denne problemstillinga med tidlegare tilsett ved Statsarkivet i Bergen, Egil Nysæter. Han stadfestar langt på veg dette. I følgje Nysæter valde Øvrebø å ikkje legge seg bort i arbeidet med eit fylkesarkiv for Sogn og Fjordane. Han såg ikkje på si verksemd som politisk, og det var såleis ikkje hans ansvar å bestemme korleis eit slikt arkiv skulle byggjast opp.

Dersom vi oppsummerer, ser vi at det var mange tilhøve som låg til rette for skipinga av eit fylkesarkiv. Det var oppgåver som ein såg måtte løysast, tidsånda var tilstades og ikkje minst, ein hadde personar som ville få til noko.

Fekk vi eit Fylkesarkiv, eller fekk vi noko liknande?

Fylkesarkivet starta som ei og ei halv stilling i lokala til De Heibergske Samlinger på Kaupanger i 1983. Tidleg på 1990- talet stod det nye fylkeshuset på Hermansverk ferdig, og ein flytta verksemda dit. Ein hadde bruk for større lokale til arkiva og personalet, men det kan også ha vore fleire positive effektar av flyttinga. Ved å etablere seg på fylkeshuset kom ein t.d. nærare den administrative leiinga i fylkeskommunen. Eg finn ikkje rom for å drøfte kva som har hatt mest å seie for den positive utviklinga og veksten til Fylkesarkivet i denne samanhengen, men eg vil freiste å skildre kva Fylkesarkivet har vorte til.

Som eg var inne på tidlegare kom det fram i fylkeskulturplanen at det vart vurdert å etablere eit eige fylkesarkiv e.l. – Kan hende ein ikkje hadde moglegheita til å førestille seg kva eit fylkesarkiv kunne verte for noko då det vart sett ut i livet. Kan hende det var difor noko av det fyrste fylkesarkivar Gunnar Urtegaard sette i gang med, var å lage eit notat der han konkretiserte kva eit fylkesarkiv kunne verte. Notatet er imponerande i si heilheit. Urtegaard tok til i jobben i desember, og alt i februar låg det føre 75 sider + vedlegg i Notat om fylkesarkiv i Sogn og Fjordane.

Det er ikkje rom for å gå gjennom heile notat her, men Urtegaard går rett på sak og peikar på oppgåver som eit fylkesarkiv må løyse:

Me kan oppsummera og seia at dei to områda i kvar ende av figuren har tilfresstillande vernerutiner. Dei andre ikkje. Særleg ille er det med foto, muntleg materiale, privatarkiv og kommunearkiva. Dette er oppgåver som hastar. (Frå Notat om fylkesarkiv i Sogn og Fjordane, Gunnar Urtegaard 1984).

Eit nærliggjande spørsmål er då om vi har fått eit fylkesarkiv som jobbar med desse oppgåvene? Ein måte å svare på dette er å skildre verksemda til Fylkesarkivet i dag. I følgje internettsidene www.fylkesarkiv.no, er denne skildra slik: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane registrerer, vernar og formidlar kommunalt arkivmateriale, foto, levande bilete, lyd, musikk, stadnamn, private arkiv og litteratur. Fylkesarkivet er organisert i fem avdelingar som skal ta seg av verne- og formidlingsoppgåvene knytte til sitt fagfelt. Vi kan sjå nære på kvar av desse avdelingane.

Foto

I 1986 vart fotoarkivaren i Sogn og Fjordane ein del av Fylkesarkivet. Fotoavdelinga hadde tilhald på Nordfjord folkemuseum på Sandane, der ein etter kvart fekk etablert ei fototeknisk avdeling og magasin for oppbevaring av fotomateriale. Magasina og fotosamlingane er framleis på Sandane, men sjølve fotoarkivarstillinga er no flytta til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger.

Målsetjinga til Fylkesarkivet er å samle inn, sikre og formidle eldre fotografisk materiale frå Sogn og Fjordane. Biletsamlinga er omfattande og dekkjer heile fylket. Ein viktig del av formidlinga er å digitalisere bileta, registrere opplysningar og gjere bileta tilgjengelege på Internett. Materialet omfattar både originalt materiale som er deponert på fotomagasinet, og materiale som er lånt inn og avfotografert. Fylkesarkivet har over 200 000 bilete i samlingane sine, og det står att mykje arbeid før alt er digitalisert. Ei stor utfordring for fotoavdelinga er sjølvsag å arbeide vidare med digitalisering og vern av det innsamla materialet, samstundes som det framleis finst store mengder med fotosamlingar og foto i fylket som burde vore samla inn og verna.

Kommunearkivordninga

Kommunearkivordninga er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane om arkivfagleg kompetanse og tenester. Det faglege ansvaret omfattar arkiv frå då kommunane vart oppretta i 1837 og fram til i dag. Kommunearkivordninga handterer eldre papirarkiv både med omsyn til kommunal verksemd og forvalting, personmateriale, spørsmål kring moderne arkiv og arkivorganisering, samt elektroniske arkiv.

Kommunearkivordninga vart oppretta i 1986, fyrst som ei femårig prøveordning der 25 av kommunane vart med. Etter kvart vart alle kommunane og fylkeskommunen med i ordninga. Avdelinga er den største på Fylkesarkivet med 5 heile stillingar.

I 2006 stod dei nye magasina til Fylkesarkivet klare til bruk, og 23 av kommunane i fylket og fylkeskommunen brukar no desse til oppbevaring av eldre og avslutta arkiv. Samstundes med at Fylkesarkivet oppretta tilbodet om eit slikt depot for papirarkiv, vart vi depot for elektronisk skapte arkiv for alle kommunane og fylkeskommunen.

Ein stor del av ressursane til kommunearkivordninga går no med til å ordne og gjere tilgjengeleg papirarkiva, gjennom gode registreringar og digitialisering for Internett. Det står att mykje arbeid med å ordne og gjere materialet så tilgjengeleg som vi ynskjer.

Til liks med fotoavdelinga står ein framfor vegval og utfordringar på kommunearkivordninga også. Mengda med førespurnader i det kommunale materialet har auka i takt med at materialet har kome inn til oss og brukarane har vorte klar over kva som finst i arkiva. Samstundes ynskjer vi å gjere meir tilgjengeleg. Kommunane og fylkeskommunen på si side vil gjerne at vi skal ta i mot endå meir slikt at det vert trygt oppbevara og tilgjengeleg for alle.

Privatarkiv

Fylkesarkivet har som mål å kartleggje, samle inn, verne og formidle viktige privatarkiv i Sogn og Fjordane. Privatarkiv er ei samansett kjeldegruppe, med historisk dokumentasjon frå næringsliv, organisasjonar og privatpersonar. Privatarkiva utgjer eit viktig supplement til det kommunale arkivtilfanget.

Privatarkiv har alltid vore ein del av kjerneverksemda til Fylkesarkivet, men ein fekk ikkje ei eiga stilling til dette arbeidet før i 1991. Fylkesarkivet har registrert litt over 2000 privatarkiv. Dei er i hovudsak oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men nokre finst òg i kommunane. Det gjeld til dømes Sogndal og Vik, som har eigne lokalhistoriske arkiv, og Årdal kommune har også valt å oppbevare eldre og avslutta arkiv sjølve. Dessutan oppbevarer Kystmuseet i Sogn og Fjordane, Nordfjord Folkemuseum og Sunnfjord Museum ein del privatarkiv.

Dei fleste privatarkiva er ordna og katalogiserte, og såleis tilgjengelege for publikum på Fylkesarkivet sin lesesal. Men, også på privatarkiv har ein utfordringar med etterslep med uordna arkiv og at det er mange fleire arkiv som burde vore samla inn og verna.

Musikk

Då Fylkesarkivet vart skipa i 1983, var det alt eit folkemusikkarkiv i fylket som var etablert same året. Hovudkontoret var ved Sunnfjord museum. I 1986 vart folkemusikkarkivet ein del av Fylkesarkivet, og i 1997 vart det flytta til Fylkesarkivet sine lokale på Leikanger.

Musikkavdelinga ved Fylkesarkivet arbeider med innsamling, vern og formidling av musikk- og dansetradisjonar frå Sogn og Fjordane. Samlinga er eit viktig bidrag til overleveringa av dette kulturuttrykket i fylket. Materialet i tradisjonsmusikksamlinga er eit resultat av ei rekkje ulike innsamlingsstrategiar. Det omfattar mellom anna eigne feltopptak gjort av musikkavdelinga, og kopiar av private opptak, Arne Bjørndals Samling i Bergen, Norsk Musikksamling i Oslo og NRK.

Musikkavdelinga brukar det faglege nettverket til Sogn og Fjordane Folkemusikklag for å gjere eit best mogeleg utval av kjelder. Dei lokale leiarane rundt om i kommunane er gjerne med på sjølve feltopptaket. Eit viktig bidrag av lydfestingar kjem frå engasjerte og dyktige privatpersonar som gjer opptak i sitt distrikt og sender kopiar av dette inn til arkivet.

Musikkavdelinga har også sine utfordringar med å få gjort tilgjengeleg dei store mengdene ein har samla inn, samstundes som ein skal gjere opptak og dokumentere musikklivet i fylket.

Stadnamn

Arbeidet med å samle inn stadnamn i fylket starta i 1985. Arbeidet vart initiert av Lidvin Osland, og ein fekk i stand eit fruktbart samarbeid mellom alle dei 26 kommunane i fylket, Fylkesarkivet og arbeidsetaten. Målsetjinga er å samle inn, verne og formidle alle stadnamn frå fjord til fjell i fylket. Ein viktig, men arbeidskrevjande del av Fylkesarkivet si verksemd, er å kartfeste stadnamna på digitale kart. Dei som er interesserte kan finne desse på nettstaden www.fylkesatlas.no. For kommunane Askvoll, Aurland, Balestrand, Bremanger, Fjaler, Flora, Hornindal, Høyanger, Jølster, Leikanger, Lærdal, Naustdal, Selje, Sogndal, Solund, Vik, Vågsøy og Årdal er alle dei innsamla stadnamna i låglandet lagt ut på nettet. For kommunane Førde, Hyllestad og Stryn er stort sett materialet samla inn utan at det blir formidla på Internett, bortsett frå at vi har lagt ut eit døme på ferdig stadnamnmateriale. For kommunane Eid, Gaular, Gloppen, Gulen og Luster er ikkje alt innsamlingsarbeidet gjort ferdig. Her er det også lagt ut eit eksempel på stadnamnmateriale.

For tida jobbar Fylkesarkivet med å kartfeste stadnamna frå Stryn og Luster til digitale kart. Begge er store kommunar med omfattande stadnamnmateriale, som krev ein stor arbeidsinnsats å gjere ferdige.

Eksternt finansierte prosjekt

I tillegg til dei faste oppgåvene som knyter seg til fagområda til Fylkesarkivet, kjem dei eksternt finansierte prosjekta. Desse har heile vegen vore ein viktig del av verksemda. Det vert for omfattande å skildre alle desse prosjekta, men ein del av prosjekta kan stillast opp i denne oversikta:

•Stadnamnsinnsamlinga

•Prosjekt lagsarkiv

•Ættesogeprosjektet

•Prosjekt fotovern

•Arkivprosjekt Sparebanken Sogn og Fjordane

•Kulturnett Sogn og Fjordane

•Kulturhistorisk Atlas Leksikon for Sogn og Fjordane (no Kulturhistorisk leksikon)

•Møtebokregisteret for formannskapsprotokollar

•Fattigprosjektet i Vest

•Europeana local

•Semantisk samhandling i kulturformidlinga

•Semantisk arkiv

Lista omfattar både avslutta og pågåande prosjekt. Det er sikkert fleire prosjekt som burde vore nemnde, men dei gir i alle fall eit inntrykk av breidda i arbeidsoppgå- vene til Fylkesarkivet.

Eit arkiv for alle

Formidling har alltid vore ein grunnstein i verksemda til Fylkesarkivet. Det har difor alltid vore viktig å gjere arkiv og kjeldemateriale tilgjengeleg for brukarane. Fylkesarkivet var såleis tidleg ute med å bruke nettenester og Internett som ein reiskap. Alt i 1994 opna ein prøvedrift av ein database som kunne ringast opp. Året etter var Fylkesarkivet det fyrste arkiv i landet som fekk sine eigne websider, og ein har sidan brukt Internett som den viktigaste kanalen for informasjonsutveksling og tilgjenge til samlingane og databasane våre.

Ei anna viktig teneste for brukarane våre er lesesalen og boksamlinga vår. Lesesalen er open 4 dagar i veka, og her kan publikum gjere avtale for å studere arkiva vi oppbevarer. På lesesalen finn du og ei boksamling (mediesamling). Den største delen av denne samlinga er lokale bøker og trykksaker. Den lokalhistoriske boksamlinga er delt inn i fogderi, fylke og dei 26 kommunane. I tillegg har vi faglitteratur innan historie, slekt, utvandring, musikk, stadnamn, offentleg forvalting og arkiv. Du finn og ei tidsskriftsamling med lokale tidsskrift, i tillegg til fagtidsskrift for dei same faga som litteraturen. Lesesalen inneheld og ei mindre samling mikrofilma folketeljingar, kyrkjebøker, panteregister og lokalaviser. Pr. 31.12.2010 inneheld samlinga 6 434 bøker, periodika og andre medium.

Svaret på om vi fekk eit Fylkesarkiv eller noko liknande er vel litt avhengig av kva ein legg i omgrepa. Eg trur uansett kva ein ser på, så kan vi sjå attende på ei flott utvikling og vere stolte av det Fylkesarkivet vi har fått til. Eg trur også dei som brukar tenestene våre stort sett er nøgde med oss, men vi lyt halde fram med å tenke framover. Det fine med arkiv er at det handlar like mykje om notid og framtid, som det gjer om fortid. Det er vanskeleg å spå kva vi får til dei neste 30 åra. Men, som depot for offentlege arkiv, fotoarkiv, musikkarkiv, med stadnamnarbeidet og privatarkivsamlinga står det ikkje på moglegheiter. Den viktigaste jobben for oss er å verne dette viktige materialet og syte for at det er tilgjengeleg for brukarane. Dette kan vi få til med å ta i bruk ny teknologi og gode faglege løysingar. Her er elektroniske arkiv og digitalisering nykelord. Vi vonar å auke tempoet i digitaliseringarbeidet monaleg, og gjere større delar av våre papirarkiv tilgjengelege for brukarane våre på Internett. Elektronisk skapte arkiv - hjå kommunar og i private verksemder - er og ein stor utfordring som vi får i fanget no frametter. Her er det mange oppgåver som ventar. Desse er både fagleg og ressursmessig utfordrande.