Bruken av arkiva er gratis og lesesalen er open for alle. Det er òg mogeleg å tinge digitale kopiar av arkiv, innanfor rimelege grenser, og få desse tilsendt elektronisk.

Privatarkiva vi oppbevarer kan du søke fram via Arkivportalen, som er ein nasjonal inngang til arkiv oppbevarte i norske institusjonar. Utvalde delar av privatarkiva har blitt digitalisert og publisert på internett. Mykje av det er møtebøker frå arbeidarpartilag. Det digitale materialet er tilgjengeleg i webarkivet Digitaliserte dokument.

Den store emigrasjonen til USA er godt  dokumentert. Det er registrert opplysingar om kvart brev: avsendar, mottakar, datering, innhald med meir. I mengd er det tale om kring 3 000 brev, også frå andre land enn USA.

Fylkesarkivet har òg ein database med opplysingar om lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane og deira arkivmateriale. Opplysingane kjem frå ei kartlegging som vart gjennomført på byrjinga av 1990-talet. Den omfattar kring 6 000 lag og organisasjonar frå heile fylket. Ein del av arkiva er oppbevarte i magasina våre på Leikanger, men i hovudsak er dette materiale som ikkje finst i fylkesarkivet. Bruk arkivkatalogen for oppslag i arkiva vi oppbevarer.