Den aldri kvilande, pensjonerte arkivar Kleppa dukka opp på lesesalen i dag med spørsmål om hjelp til å finne svar på spørsmålet om når amtmann/fylkesmann John Collet Falsen flytta embetet frå Lærdal til Leikanger.

Bakgrunnen var at det har herska uvisse om når dette eigentleg skjedde. Fylkesleksikonet til NRK opererer både med 1863 og 1864. Historikar Johs B.Thue held seg til 1863. Kleppa hadde også sendt same førespurnad tilStatsarkivet i Bergen, som ikkje var sikre, men meinte at amtmann Falsen flytta fylkesmannsembetet til Leikanger i siste halvdel av 1862.

Spørsmålet var no om vi på kommunearkivavdelinga kunne komeeit steg nærmare. Vi gjekk til det korrespondansen i formannskapsarkiva ogleita oss gjennom eit knippe kommunar. I Lærdal kommune fann vi svaret. Eitbrev stempla Leganger 08.12.1862 vart sendt frå amtmannen i Nordre Bergenhus Amt til Lærdal kommune, som mottok brevet 15.12. Poststempla viser at brevet gjekk frå Leikanger, via Bergen og deretter il Lærdal. Når eksakt flyttedato var, veit vi framleis ikkje, men året 1862 står fast. 

Kleppa var nøgd, og vi likeeins. Vi kan igjen slå fast at det er viktig å gå til kjeldene, og at dei kommunalearkiva kan gje svar på så mangt.