Foajeen på Fylkeshuset vart omskapt til eit skulemuseum med både bøker, plansjar, fotografi, kart og ein gamal skulepult. Fleire av dei besøkande fann sine favorittbøker frå skuletida, og mange leitte etter kjende ansikt på ulike klassebilete.

IMGP1829-1.jpg

Det faglege programmet på arkivdagen starta ved at Henning Rivedal tok oss med tilbake til skuledagen på 50-talet. Vi fekk eit levande bilete av skulestova på Rivedal, unge fantasifulle gutar med gode rampestrekar og ikkje minst flotte eventyr frå skuleboksamlinga. Vidare løfta Gunnar Yttri, førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, oss ut av skulestova og opp på eit regionalt nivå med føredraget «Skulemysteriet i Sogn og Fjordane». Gunnar Yttri har sett på historiske årsakar til kvifor skuleelevar frå Sogn og Fjordane gjer det så bra på nasjonale prøver. Her fekk vi ei spanande innføring i læraren si kulturelle rolle i lokalsamfunnet, haugianarane sitt arbeid for skuleetableringar og ikkje minst målrørsla og nynorsken si positive rolle for læringa til elevane.

IMGP1856-1.jpg

Om du gjekk glipp av innlegga til Henning Rivedal og Gunnar Yttri kan du sjå denne delen i opptak på nett.

Etter lunsj vart dei besøkande tekne med på både ei fysisk og ei musikalsk omvising i arkiva. Nede i fylkesarkivet sine magasin viste vi fram eit utval frå samlingane, og fortalte om korleis arkiva kan nyttast av sogelag, slektsforskarar og privatpersonar. Musikkarkivet opna også opp arkivet sitt og vi fekk høyre kjende og ukjende variantar av rim og regler frå barndommen. Vi fekk høyre korleis leiken «nippe nepe» vart leika og det vart allsong med Fager kveldssol smiler.

Fylkesarkivet kom ikkje tomhendte frå arkivdagen heller! Musikkarkivet fekk fleire nye rim, regler og forklaringar på gamle leikar og privatarkivaren fekk inn eit lite privatarkiv. Vi takkar for ein kjekk dag og venter i spaning på kva tema for neste års arkivdag vil vere. 

IMGP1876-1.jpg