Fylkesarkivet har som oppgåve er å ta vare på og formidle ein samla samfunnsdokumentasjon frå Vestland. Arbeidet er delt inn i fagområda privatarkiv, foto, tradisjonsmusikk/-dans, stadnamn, digital kulturformidling og kommunale arkiv. Vi er no på jakt etter to nye medarbeidarar som vil vere med å utvikle organisasjonen vidare. Arkivet er ein seksjon i avdeling for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Som medarbeidar hjå oss får du eit godt fagleg miljø og gode og føreseielege arbeidsforhold. 

Fotograf

Digitalisering av negativ..jpgHar du formell fotograf-kompetanse og i tillegg ei interesse for fotohistorie og kulturarv eller erfaring innan fotobevaring? Då er du kanskje den vi er på jakt etter. 

Seksjon arkiv er regional ansvarsinstitusjon for fotobevaring i Vestland, og forvaltar omfattande mengder fotoarkiv etter profesjonelle fotografar, privat personar og verksemder frå regionen. Fotografen ved fylkesarkivet vil jobbe med innsamling, ordning og digitalisering av historisk fotomateriale, registrering av foto i fagsystem, handsaming av fotobestillingar og andre førespurnader, samt formidlingsarbeid på fotofeltet i form av føredrag, artikkelskriving for nett, formidling på sosiale media/heimeside mm.

Stillinga som fotograf ligg til fageininga ikkje-offentlege arkiv, og du vil samarbeide nært med fotoarkivaren vår i både det praktiske bevaringsarbeidet og den strategiske utviklinga av fagfeltet i det nye samanslåtte fylket. Det vil bli høve til å forme eigen arbeidsdag, og du vil vere med på å vidareutvikle eit viktig fagfelt i fylket.

Les meir om stillinga som fotograf, og søk via skjema på nett.

Rådgjevar for digital infrastruktur og formidling

Skjermdump av framside på webarkiv.Har du erfaring frå prosjektarbeid eller prosjektleiing? Har du erfaring frå formidlingsarbeid, digitale fellestenester i ABM-sektoren eller arbeid med metadata? Då er du kanskje vår framtidige medarbeidar. 

Stillinga som rådgjevar for digital infrastruktur og formidling ligg til fageininga ikkje-offentlege arkiv og vil inngå i eininga sitt formidlingsteam. Teamet vil ha ansvar for formidlingsstrategi- og planar, digital infrastruktur og prosjektsamarbeid/-utvikling på formidlings- og IT-sida. Den nye medarbeidaren vil også jobbe saman med dei andre på teamet med å løyse oppgåver innafor ansvarsområdet. Det vil bli høve til å forme eigen arbeidsdag, og du vil vere med på å vidareutvikle eit viktig fagfelt i fylket. 

Les meir om stillinga som rådgjevar for digital infrastruktur og formidling, og søk via skjema på nett. 

Begge stillingane har arbeidsstad på fylkeshuset på Leikanger.

Fylkeshuset-Leikanger-SSF-05284- Foto_Morten__Wanvik.JPG
Foto: Vestland fylkeskommune/Morten Wanvik