Frå før hadde vi lagt ut alle nummer frå første utgjeving i 1992 og fram til 2012. No ligg Kjelda ute til og med 2014-årgangen.

Du kan lese Kjelda på skjerm, i Issuu sitt visings-format, eller så kan du laste ned filene til din eigen pc. Det siste krev at du sjølv er innlogga på Issuu.

Kjelda er eit tidsskrift utgjeve av fylkesarkivet. Det er det einaste fylkesdekkjande bladet for historie, arkiv og kjelder i Sogn og Fjordane. Bladet kjem ut to gonger i året. Dei aller nyaste utgåvene kan du lese ved å bli abonnent: Kontakt oss på fylkesarkivet@sfj.no eller tlf. 57 63 80 00.