Tradisjonsmusikksamlinga omfattar lyddokumentasjon av over 16 000 framføringar med musikk og utøvarar med tilknyting til Vestland. Her vil du finne opptak gjort frå 1921 og fram til i dag. Samlinga er digitalisert, og du kan tinge kopiar av lydfiler i mp3-format til ikkje-komersiell bruk. Noko av materialet er verna, og krev difor spesielt løyve frå rettshavar(ane) for utkopiering. Les meir om bruk og tilgjenge.

Notesamlinga omfattar fleire ulike samlingar av notar på både eldre og nyare musikk. Notesamlingane er ikkje digitalisert, men på lesesalen kan du mellom anna bla i transripsjonane etter Arne Bjørndal og Ola Ryssdal - to innsamlarar som har vore svært viktige for dokumentasjonsarbeidet i fylket vårt.

Musikkarkivet forvaltar også noko audiovisuell dokumentasjon av danseframføringar.