Med nokre 8. marsparolar henta frå Kvinnefronten i Førde sitt arkiv frå 1970-talet, ynskjer vi til lukke med den internasjonale kvinnedagen! Vi slår også an tonen med litt kvinnehistorie frå denne perioden.

meetoo

Av Wolfmann - Eget verk, CC BY-SA 4.0, https://commons.wikimedia.org/w/index.php?curid=64697212

Kvinnekamp og 8. mars er ikkje avleggs

8. mars 2018 vil truleg få større oppslutnad enn på mange år takka vere fokuset på #Metoo, den internasjonale kampanjen mot seksuell trakassering og maktmisbruk. Firdaposten 6. mars melder om comeback i Florø for kvinnedagen, mykje takka vere #Metoo. 

Ei rekkje organisasjonar har slege seg saman for å markere dagen, som også set sosial dumping av utanlandske kvinner på sakskartet. #Metoo er også eitt av tema på 8. mars i Sogndal, i tillegg til arbeidet i stiftinga «Vi trur deg», som arbeider mot voldtekt, for fjerninga av skam for voldtektsoffer og for å sikre rettstryggleiken deira. Parolane frå 1970-talet viser seg å vere høgst aktuelle også i 2018.

Den nye kvinnekampen

På 1970-talet ramla den nye kvinnekampen laus i Noreg. Som ein virvelvind, inspirerert av kvinnerørsla i USA og Vest-Europa, feia den nye kvinnerørsla rørsla over landet. Ei ny tid, som sette varige og viktige spor i politikken, kulturkivet, arbeidslivet  og på heimebana, var fødd. 1970-talet var tida for uro, draumar og opprør, og den nye kvinnerørsla var ein del av dette.

Mange unge kvinner var utålmodige etter å bryte med gamle kjønnsrollemønster, kjønnsdiskrimerande haldningar og kvinneundertrykkjande politikk og praksis. Kvinnene ville ha handling og sjå resultat. Sosiologen Runa Haukaa seier det slik i boka Bak slagordene – den nye kvinnebevegelsen i Norge: "Tida var mogen for opprør."

Sosial rørsle med kvinnefellesskap, kvinnemedvit og aktivisme

No, som i tidlegare tider, var det dei unge kvinnene som gjekk i spissen for kvinnekampen. Men også eldre kvinner, husmødrer og kvinner i yrkeslivet deltok med liv og lyst i arbeidet for kvinnefrigjering. Ikkje alle deltok i sjølve rørsla, men fungerte som viktige støttespelarar, ikkje minst i dei mange møta og 8. mars-arrangementa landet over.

1970-talet var ikkje tida for å gå stille i dørene når ein hadde noko på hjarta. Det gjorde heller ikkje kvinnerørsla. Dei hadde som mål å gjere krava sine synlege, og aksjonar i alle mogelege variantar var eitt av svara. Demonstrasjonstog, stands, flygeblad, underskriftskampanjar, avisinnlegg, møte og mykje meir gjorde både kvinnene og kampen synleg. Kvinnekampen og likestillingskampen tok ikkje slutt på 1970-talet, men den sterke mobiliseringa dabba av etter kvart. Kvinnekrava og likestillingskampen tok nye former.

red 8. Mars008.jpg

8. mars - ein viktig kampdag

Den internasjonale kvinnedagen, 8. mars, stifta i 1910, vart ein viktig kampdag. Tusenvis av kvinner og nokre menn toga i sludd, storm og blest med sine parolar og faklar gjennom storbyar, småbyar og meir grisgrendte strok. Etterpå var det festmøte med talar, appellar, song og ulike kulturelle innslag. 

Sentrale 8.mars-krav var mellom anna: Nei til sal av kvinnekroppen, nei til porno, ja til retten til å bestemme over eigen kropp, ja til fri abort, lik lønn for likt arbeid og gratis barnehagar for alle barn. 

Ein flora av kvinnegrupper vaks fram

Den nye kvinnerørsla kom fyrst til dei store byane, men greip etter kvart om seg landet, også i Sogn og Fjordane. Her var det etablert mange ulike kvinnegrupper, og fleire stader vart Kvinnefronten etablert, slik også  i Førde. Då Kvinnefronten vart starta i 1972 var organisasjonen tverrpolitisk på venstresida.

Seinare vart Kvinnefronten stadig meir politisk radikal, og marxistleninistane sette etter kvart sitt tydelege preg på organisasjonen. I dag er Kvinnefronten ein partpolitisk uavhengig medlemsorganisasjon, som arbeider både lokalt, nasjonalt og internasjonalt mot alle former for undertrykking av kvinner.

8. Mars007.jpg

Kvinnefronten i Førde og lokkeduene på Sunnfjord hotell

Kvinnefronten i Førde aksjonerte, protesterte og var godt synlege i pressa og bygdebiletet elles når viktige saker skulle løftast fram. Ei av dei lokale sakene som fekk Kvinnefronten i Førde til å tenne på alle pluggane, var i 1977 då Sunnfjord hotell kom på ideen om å late kvinner kome gratis inn på restauranten Josefine dei dagane det var lite folk. Direktøren og restaurantsjefen såg på dette som ein god ide.

Kvinnefronten, derimot, såg på forslaget som uttrykk for den simplaste kvinneforakt. Kvinner skulle brukast som salsvare og lokkeduer for å få menn, spesielt handelsreisande, til å kome til hotellet og få salet opp. Kvinnefronten rasa, kalla salstriksen for skjult prostitusjon, og oppmoda til full boikott av hotellet. Handelsreisendes forbund kom også på bana då dei ikkje ville assosierast med skjult prostitusjon. Hotellet fekk seg ein dryg lærepenge og ei skikkeleg realitetsorientering.

Kvinnefronten og lokkeduer på Sunnfjord hotel

8. marsoppmoding

Vi på fylkesarkivet har få kvinnearkiv. Vi ynskjer å få innblikk i større deler av fylkets kvinnehistorie, både frå 1970-talet, men også den seinare historia. Fylkesarkivet har difor ei 8. marsoppmoding spesielt til alle dykk som har drive med kvinnekamp: Har de arkiv, kom med dei. Stort eller lite. Kvinnehistoria vår er for viktig til å gå i gløymeboka!

8. Mars003.jpg  

Eit bitte, bitte lite, men viktig arkiv.

 

Kjelder og litteratur

Upublisert:  Arkiv etter Kvinnefronten i Førde, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Publisert:

Haukå, Runa. Bak slagordene – den nye kvinnebevegelsen i Norge. Pax forlag. 1982

Avisa Firdaposten 06.03. 2018

Internett: http://www.kampdager.no/arkiv/organisering/nybevegelse/intervju_haukaa.html

http://www.kampdager.no/arkiv/organisering/nybevegelse/artikkel_lonnaa.html

http://kvinnefronten.no/om-oss/

https://www.facebook.com/events/296702767523079/