I Skandinavia blir jula ofte rekna for å vare til 20. dag jul den 13. januar. Denne dagen er primstaven merka med ein sopelim og eit drikkehorn eit drikkehorn snudd på hovudet – jula skal feiast ut og juleølet skal vere drukke opp. Visa om Sankte Morten fortel også om ein tradisjon der jula varer i 20 dagar.

Sankte Morten-visa

Sankte Morten-visa er fortejlinga om Martin av Tours, ein katolsk helgen, som kvar juledag gjev gåver. Visa har form som ei aukevise, noko som tyder at teksten vert lengre for kvart vers.

I samlingane til musikkarkivet fins det fleire lydopptak der utøvarar frå fylket framfører ulike variantar av Sankte Morten-visa, og her er det store variasjonar i både tekst og melodi. Blant dei dokumenterte visene i samlinga vår er det Lars Ryssdal som framfører den med flest vers, og her får vi høyre om gåvene Sankte Morten gjev fram til og med 17. juledag.

Musikkarkivet har samla nokre av opptaka frå samlinga i spelelista «Sankte Morten-viser» på SoundCloud, og dei kan du lytte til her eller ved å besøkje vår SoundCloud-profil.

Kva gav Sankte Morten 17. dag jul?

Teksten til det 17. verset i Ryssdal sin versjon av visa kan du lese her:

Gjett du ka han Sankte Morten gav meg

den syttande julekvelden.

Sytten frue med kver si hue,

seksten kjeringar med kver sine skjeringar,

femten tause med kver si ause,

fjorten drengjer med fiolastrengjer,

tretten geite, dei går oppi fjellja, og kvite som hjelljar,

tolv bukkar går i fjellja og hoppar,

elleve veire, den gåva va’ beire,

tie fiskane små, nie långskipne rå,

åtte gangarar grå, med forgylte salar på, sju pund sede,

seks kyr, fem yksne, fire feite svin,

tre får, to gjess, med år peparkonn,

vel fjørafuglen so vel kunne fyke.

Kven var Martin av Tours?

Historia om Sankt Morten startar på slutten av 300-talet. Ein ung mann frå Ungarn flyttar til Italia, og blir seinare utplassert i Frankrike der han tener i hæren. Historia fortel at han ein dag splitta soldatkappa si i to, og at han gav den eine delen til eit fattig tiggar slik at han kunne halde varmen. Same natt fekk han eit syn der Jesus sto fram iført denne halve kappa, og at Jesus sa til englane: Dette er Martin, ein ikkje-døypt romersk soldat; Han har gitt meg denne kappa.

Draumsynet gjorde så sterkt inntrykk at den heidenske Martin let seg døype, og han sluttar i hæren for å bli munk. Han står fram som borna og dei fattige sin beskyttar, og blir etter kvart så populær at folket ønskjer han som biskop.

Å vere biskop var ikkje noko Martin ønskte, og han forsøkte difor å gøyme seg i eit skur saman med ein flokk gjæss. Men gjæssene avslørte gøymestaden hans med sitt leven, og biskop vart han. I mange land har det sidan vore tradisjon å ete gås eller and til middag på Mortensmesse.

Martin av Tours vart slått til katolsk helgen, og fekk såleis namnet Sankt Morten.