Arne Torskangerpoll (1931-2016) var komponist og arrangør. Han var dirigent for Torskangerpoll musikklag i 50 år frå 1949. I mai 2021 overleverte familien etter Torskangerpoll samlinga av originalmanuskript til Fylkesarkivet. Fylkesarkivet skal ta vare på arkivet etter komponisten for ettertida.

Torskangerpoll musikklag vart skipa i 1920. Dei første medlemene i musikklaget var fiskarar, og hadde avgrensa kjennskap til notar og korpsinstrument. Til liks med dei første medlemene i musikklaget, var og Arne Torskangerpoll fiskar. Far hans, Isak, hadde vore dirigent i musikklaget i to periodar fram til 1949. Etter dette tok Arne over som dirigent, ein posisjon han heldt fram til 1999. Gjennom femti år som dirigent arrangerte og komponerte han over 500 verk for musikklaget. 

Arne Torskangerpoll slutta i musikklaget i 1999, og vart tildelt kongens fortenestemedalje i sølv same året.

Les også sak i Fjordenes Tidende fra 6. juni 2021: Korpset fekk unik kulturskatt i gåve frå gamledirigenten (for abonnentar):

Fjordenes Tidende_torskangerpoll_Skjermbilde 2021-06-09 105240.png