Prosjektet skal legge til rette for at lag, organisasjonar og enkeltpersonar rundt om i kommunane skal kunne samle og formidle si lokale skulehistorie på ein god måte ved hjelp av digitale verktøy.

Prosjektleiar Sigrun Espe frå nærings- og kulturavdelinga i fylkeskommunen og prosjektmedarbeidar Annette Langedal Holme frå Fylkesarkivet gler seg til å kome i kontakt med enno fleire eldsjeler og lokalhistorieinteresserte i heile fylket.

- Vi har halde på i om lag eit år, og så langt har prosjektet vitja Hyllestad, Stryn, Flora, Gloppen og Eid, samt vore i kontakt med mange andre. Vi har vorte møtt med stort engasjement frå sogelag og historielag, lærarar og skuleelevar, tilsette i kommunar og kulturinstitusjonar og lokale eldsjeler. Veldig mange har historier å fortelje, og alle har ei rolle å spele i prosjektet, seier Espe.  

Det treårige prosjektet fekk 400 000 kroner i fjor, og får i år 425 000 kroner frå Riksarkivet sine arkivutviklingsmidlar (pdf). Prosjektet får også til saman 150 000 kroner frå Statens vegvesen.